Hopp til innhold

Han blir ny styreleiar for høgskulen

Kommunalsjef Trond Ueland frå Førde blir ny styreleiar for Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Trond Ueland

NYTT VERV: Trond Ueland er kommunalsjef i Førde. No har han fått ei ny oppgåve i tillegg, som styreleiar for høgskulen dei neste fire åra.

Foto: Sigrid Agnethe Hansen / NRK

Det er Kunnskapsdepartementet som i dag har oppnemnd nye styremedlemmer for perioden 1. august 2015 til 31. juli 2019.

Trond Ueland tek over som styreleiar etter Heidi Kathrin Osland, og får tidlegare stortingsrepresentant Erling Sande som sin personlege vara.

– Det blir veldig spennande, for det er sjølvsagt store utfordringar. Det er heile tida krav endring og om å bli betre. Men det gir moglegheiter òg, seier Ueland.

Det nye styret ser slik ut

Styret er det øvste organet ved høgskulen. Det har ansvar for at den faglege verksemda held høg kvalitet og at høgskulen blir driven effektivt. Desse fire er dei nye og eksterne medlemmene, i tillegg består styret av tilsette- og studentrepresentantar.

  • Styreleiar Trond Ueland, Førde, med personleg varamedlem Erling Sande, Sandane (oppnemnd av Sogn og Fjordane fylkeskommune)
  • Hans Johan Breidablik, Førde, med personleg varamedlem Arvid Andenæs, Førde (oppnemnd av Kunnskapsdepartementet)
  • Gerd Kvale, Søreidgrend, med personleg varamedlem Inger Grøgaard Stensaker, Tertnes (oppnemnd av Kunnskapsdepartementet)
  • Anneli Nesteng, Sogndal, med personleg varamedlem Kristin Maurstad, Bryggja (oppnemnd av Sogn og Fjordane fylkeskommune)

Ueland trengde ikkje tenkje seg om lenge før han takka ja til tilbodet.

– Eg brukte tre sekund. Så skjønte eg at sånt seier ein ikkje nei til.

Høgskulane er under press

Høgskulane er i ferd med å gå gjennom ei omfattande omstrukturering, der samanslåing er eitt av stikkorda.

I samband med utnemninga seier statssekretær Bjørn Haugstad at Norge må omstille seg for å sikre velferd og arbeidsplassar i framtida.

– Vi står no midt oppe i ei strukturreform, der universitets- og høgskulelandskapet er i utvikling. Då treng vi styre som tenkjer strategisk og langsiktig. Eg trur det nye styret for Høgskulen i Sogn og Fjordane har gode føresetnader for å gjere nettopp det, seier statssekretær Bjørn Haugstad.

Ueland vil kjempe for at Høgskulen skal bestå som sjølvstendig organisasjon.

– Det er kjempeviktig. Den skal vi behalde og den skal bli enno sterkare, seier han.

Rektoren har tiltru til det nye styret

Han seier det er spesielt viktig for eit fylke som Sogn og Fjordane å hegne om kompetansearbeidsplassane, som høgskulen er eit eksempel på.

– Men vi bli sett i korta meir og meir, så Høgskulen må bli enno betre, seier Ueland.

Avtroppande rektor Åse Løkeland er positiv til nytilsetjingane.

Åse Løkeland

POSITIV REKTOR: Avtroppande HSF-rektor, Åse Løkeland, har tru på det nye styret.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Eg trur dette kan bli ei god løysing. Trond Ueland har eit godt renommé. Det er sterke styremedlemmer, der både næringsliv og akademia er representerte. Så eg trur dette blir veldig bra, seier ho.

Ho vedkjem at det er ei tøff tid dei nye medlemmene går inn i.

– Det har vore ein lang prosess så langt. Det kan vere bra at det kjem nye blikk på dei problemstillingane vi har hatt over tid, seier ho.