Han blir ny direktør
Kjartan Aa Berge frå Hyen er tilsett som ny administrerande direktør i Musea i Sogn og Fjordane. Han kjem frå stillinga som direktør for Ernst & Young i Førde. – Vi hadde åtte søkjarar. Styret har konkludert med at Berge er best kvalifisert. Han har solid efaring og kan vise til gode leiareigenskaper, seier fungerande styreleiar Laura Kvamme.