Hopp til innhold

Han ber reiselivet i Sunnfjord ta grep

Fylkesdirektør for næring, Jan Heggheim, er oppglødd over rekordauken i reiselivsnæringa i Sogn i år. Han er ikkje like imponert over utviklinga i Sunnfjord.

Jan Heggheim
Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

2015 vart eit rekordår for reiselivet i Sogn med ein auke på 17 prosent i talet på overnattingar.

Sjølv om det var økonomisk medvind i form av låg kronekurs greidde ikkje turistnæringa i Sunnfjord å oppnå slik vekst.

– Dessverre er tendensen i Sunnfjord at dei taper marknadsandelar, iallfall utviklar det seg ikkje så bra, samstundes som inntektene heller ikkje er så veldig gode, seier Heggheim.

Grovabreen og Kjøsnes frå Haugen i Jølster

VAKKER NATUR IKKJE NOK: Sunnfjord har mykje fint å by turistane, som her ved Jølstravatnet med utsyn mot Grovabreen. Men det trengst aktivitetar i tillegg til synsinntrykket, meiner Jan Heggheim.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Må utvikle nye aktivitetar

No meiner han næringa bør bruke dei trass alt gode tidene for turismen på Vestlandet til å investere i tiltak som kan lokke fleire til området. For også 2016 teiknar til å bli eit godt år for vestlandsturismen.

– No bør dei bruke den ekstra bensinen dei får med to-tre gode år til å utvikle nye aktivitetar. Desse må vere kunnskapsbaserte, dei må legge ein ekstra dimensjon til opplevinga.

Jan Heggheim meiner det ikkje er nok at turistane får sjå fjordlandskapet.

– Næringa må kunne formidle dette på ein annan måte, og det kan gjerast på fleire vis, mellom anna ved å legge til rette teknisk i naturen for at folk kan kome ut. Det som skjer i mi eiga heimbygd, Loen, er veldig positivt. Vi må gjere meir av dette andre stader.

Kjekt med fleire vinterturistar

Fylkesdirektøren er nøgd med at turistnæringa i Nordfjord greier å halde inntekten sine oppe, trass i at veksten i talet på turistar ikkje er like høg som i Sogn.

Han ser no tendensar til at sogningane har greidd å strekkje sesongen meir utover.

– Det er ekstra kjekt å registrere at det er litt antydning til at dei lukkast på vintermarknaden, særleg i Sogndal og Flåm.