I går sa styret ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) ja til å greia ut fusjon med andre høgskular på Vestlandet. Styremedlem Oddmund Hoel åtvara samstundes mot å øydeleggja høgskulen sin store styrke.
– Det viktigaste vi har å ta vare på, er den regionale utviklingsrolla til HiSF. Me må ikkje stella oss slik at ho blir svekka, seier han.
- Les også:
- Les også:
Trur fusjon vil styrke samarbeidet
HiSF er ein av mange statlege høgskular som ligg spreidde over heile landet. Og nettopp den desentraliserte strukturen er høgskulen sin store styrke, har forskingsrapportar slått fast. Grunnen er den tette kontakten høgskulane har med bedrifter, kommunar og andre offentlege aktørar i regionen.
- Les også:
Likevel vil regjeringa slå dei mindre høgskulane saman til større einingar for betre kvaliteten på forsking og utdanning. Statssekretær Bjørn Haugstad (H) i Kunnskapsdepartementet sa tidlegare i år at slike fusjonar ikkje vil øydeleggje distriktshøgskulane sitt store pre.
– Vi meiner at denne refomra tvert om er viktig for å kombinere høgare kvalitet med fortsatt tett samarbeid med både næringsliv og offentlege verksemder.
– Må halde på den tette kontakten
Det er styremedlem Oddmund Hoel slett ikkje overtydd om. I lag med resten av høgskulestyret sa han i går ja til greia ut fusjon med andre høgskular på Vestlandet, i tillegg til ei utgreiing av vidare åleinegang for HiSF. Når utgreiingane er ferdige på nyåret, skal styret ta stilling til om dei skal gå vidare langs fusjonssporet, eller bli verande sjølvstendig eining.
- Les også:
Uavhengig av kva styret kjem til å landa på i sjølve fusjonsspørsmålet, meiner Hoel det er avgjerande å ha ei lokal leiing på høgskulecampusane i Sogn og Fjordane, som held tett kontakt med arbeids- og næringslivet i fylket.
– Høgskulen har i fleire tiår hatt ei nøkkelrolle i å styrkje kompetansen - og rekruttering til arbeidslivet - i fylket. Nærhet og fleksibilitet har vore avgjerande. I den prosessen HiSF har vore i - og som kjem framover - er det vesentleg å ta vare på dei styrkane og verdiane.