Hopp til innhold

Hamnesjefen sitt tips førte til cruisebota

Då hamnesjefen såg kor mykje røyk som kom frå MS «Magellan», melde han frå. No har reiarlaget fått ei historisk høg bot.

Hamnesjef i Aurland Jostein Lange Bergset

PÅ VAKT: Hamnesjefen i Aurland, Jostein Lange Bergset, melde frå då han såg mykje røyk frå skipet.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Det var eg som melde frå om det til Sjøfartsdirektoratet, seier Jostein Lange Bergset.

Dagen då skipet MS «Magellan» låg til kai i Flåm tykte Bergset at det var altfor mykje utslepp som låg i bygda.

– Det var uheldig masse røyk. Så eg er veldig glad for at Sjøfartsdirektoratet gjekk om bord dagen etter, seier han.

Onsdag kom meldinga om at reiarlaget Global Cruise Lines Ltd har fått 700.000 kroner i bot nettopp på grunn av målingane direktoratet gjorde den dagen.

I ein e-post til NRK skriv reiarlaget at deira eigne målingar viser noko anna, og seier at dei ikkje har sleppt ut ulovlege mengder svovel i verdsarvfjordane.

Vidare skriv dei at dei skal samarbeide tett med norske styresmakter.

Det er drygt to månader sidan dei nye utsleppsreglane byrja å gjelde i verdsarvfjordane. Dermed har Nærøyfjorden og Geirangerfjorden ein særleg beskyttelse mot miljøuvenlege fartøy.

– Eg er ikkje så oppteken av bota, men eg er glad dei har følgt opp regelverket. Vi ønskjer det nye regelverket velkomen, seier hamnesjef Bergset.

Og dei nye krava er berre starten. Frå 2026 har Stortinget vedteke at Geiranger og Nærøyfjorden skal vere heilt utsleppsfrie.

Gjengangar

MS «Magellan» er ein gjengangar langs norskekysten. Bergset har merka seg skipet før.

– Det har jo tidlegare vore ein del røyk frå dette skipet. Men me har ikkje vurdert det til ulovlege mengder før, seier han.

Og Bergset kjem til å vere på vakt også framover.

– Med ein gong det kjem eit skip og det er uønskt røyk frå det, så blir det rapportert inn til Sjøfartsdirektoratet, som har tilsynsansvaret, seier han.

– Har du ein mistanke om at fleire skip bryt reglane?

– Ikkje av dei som har vore her i år. I år har vi lagt merke til at det er mindre røyk frå båtane. Så dei har tilpassa seg dei nye reglane.

Artikkelen blei oppdatert med tilsvar frå reiarlaget Global Cruise Lines 16. mai kl. 15.15.