Hamnesjef melder nytt skip i Flåm

Hamnesjefen i Aurland melde i dag nok eit cruiseskip til Sjøfartsdirektoratet. No varslar han ei tøffare linje overfor cruiseskip som forureinar ulovleg.

Cruiseskip i Flåm

RAPPORTERT: Ikkje lenge etter at eit cruiseskip fekk 700.000 kroner i bot for uønskt røyk, la dette skipet til kai i Flåm.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Vi veit ikkje kva slags røyk det er og kor forureinande den er. For oss er dette uheldig, seier hamnesjefen i Aurland, Jostein Lange Bergset.

Jostein Lange Bergset

PÅ VAKT: Hamnesjefen i Aurland, Jostein Lange Bergset, varslar ei tøffare linje overfor cruiseskip som kjem til verdsarvfjordane.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

No har han meld skipet til Sjøfartsdirektoratet. Han mistenkjer at det ikkje følgjer dei nye miljøkrava for skip som skal gå i verdsarvfjordane.

– Det kan vere visuell forureining. Det ser ikkje bra ut, og det er ikkje lov, seier Bergset.

Det nye regelverket gjer at hamnesjefen følgjer ekstra godt med på skipa som legg til kai.

– Vi har rutinar på å rapportere inn både cruiseskip og lokale fartøy når vi ser uønskt røyk. Eg er veldig glad for at Sjøfartsdirektoratet kontrollerer det når vi først har fått strengare reglar.

Fekk 700.000 i bot

For då Bergset såg røyken som kom frå cruiseskipet MS «Magellan» i april, melde han frå til Sjøfartsdirektoratet. Dei følgde opp bekymringsmeldinga, og det enda i eit gebyr på 700.000 kroner til det greske reiarlaget, for å ha sleppt ut for mykje svovel.

Reiarlaget meiner sjølv at dei ikkje har sleppt ut ulovlege mengder svovel i verdsarvfjordane. Dei skriv i ein e-post til NRK at deira eigne målingar viser noko anna.

– Røyken er ikkje god

Dei nye og strengare miljøkrava skal mellom anna sørge for betre luftkvalitet for innbyggjarane i Flåm og Geiranger.

Anders Fretheim er bonde i Flåm, og har levd med røyken frå cruiseskipa i 20 år.

– Det er udelt positivt at det blir fleire kontrollar av skipa. Det må hjelpe, for det kan ikkje fortsette slik, seier han, og held fram:

– Det er heilt avgjerande at dei følgjer opp og kontrollerer sitt eige regelverk. Viss ikkje blir det ingen respekt for det.

Fretheim synest cruiseskipa som kjem til Flåm er ei stor belastning.

– Røyken er forferdeleg. Det er ikkje godt for helsa til oss som skal puste her, seier han.

Anders Fretheim

IKKJE BRA: – Det er rett og slett trist, seier bonde Anders Fretheim om røyken som kjem frå cruiseskipa.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Truleg ikkje siste

MS «Magellan» var det første skipet hamnesjefen i Aurland melde inn, men han trur ikkje det blir det siste denne sommaren.

– Eg reknar med reiarlaga kjem til å lære av dette, og at vi får oppleve mindre røyk frå skipa, men eg er redd vi vil få avvik. Då kjem vi til å rapportere dei.