Hopp til innhold

Kjem han på pallen i dag, har han lova bestemor noko heilt spesielt...

Magny Thingnes (84) reiste 50 mil for å heie på barnebarnet Johannes Thingnes Bø i Holmenkollen. Og trøyste Tarjei Bø, som ikkje fekk gå.

Bestemor Magny debuterte i Holmenkollen

KJEKT: - Det er ekstra kjekt å gå renn når ein har familie og kjende på tribuna, seier Johannes Thingnes Bø. I dag fekk han bestemor på besøk i Holmenkollen.

Foto: Harald Thingnes / NRK

– Det var veldig kjekt. Det vart jo ein bom på Johannes, men den var hårfin. Og slikt må ein rekne med, seier Thingnes, som er noko som spesielt som bestemor til to av verdas beste skiskyttarar.

Til no har ho følgt dei på TV og radio, men akkurat denne helga opna det seg ei moglegheit for å få sjå iallfall ein av dei i aksjon i Holmenkollen. Dermed debuterte bestemor Thingnes i Holmenkollen.

– Det står ikkje på når ein har så kjekk familie som tek ein med. Nei, dette var veldig kjekt, seier Thingnes.

Hadde med konfekt til Tarjei

Og til Tarjei, som droppa Holmenkollen på grunn av sjukdom, hadde ho med ei ekstra trøyst.

– Eg tok med litt sjokolade. Han måtte få ei søt helsing sidan han ikkje fekk gå, seier Thingnes.

Bestemor hadde med trøystepresang

OPPMUNTRING: - Klart han måtte få ei søt overrasking, seier bestemor Magny Thingnes, som overraska Tarjei Bø med konfekt.

Foto: Harald Thingnes / NRK

84-åringen tykte det var stas i Holmenkollen, og ser fram til stafetten søndag.

– Eg har vel ikkje dei største forhåpningane, sidan laget er litt redusert. Men kjekt vert det likevel, seier Thingnes.

Johannes Thingnes Bø tykte det var stas at bestemor tok turen for å sjå eit skirenn på ekte.

– Ho har reist eit stykke, kan du seie. Men bestemor er sprek, så det fiksar ho fint. Det var ekstra kjekt å gå i dag med så mykje vener og familie på tribuna, seier Thingnes Bø.

Har lova bestemor buketten - viss det blir pallplass

Han låg lenge an til å vinne heile sprinten i Holmenkollen, men ein irriterande bom på aller siste skotet, sette ein stoppar for det. Dermed hamna stryningen på ein 8. plass, medan tyske Arnd Peiffer kunne vinke nøgd frå sigerspallen.

Men det var ikkje sure miner hjå venner og familie av den grunn.

– Bestemor såg like roleg ut som skjora på tunet, og ho tilgav meg lett at eg bomma, seier 21-åringen.

Han er spent på stafetten, og har allereie gitt ein lovnad for å vege opp for skotet som glapp i dag.

– Kjem vi på pallen har eg lova at bestemor skal få buketten. Så får vi sjå om eg klarar å innfri, seier Thingnes Bø.