Dei to sat i bilen som i 19-tida køyrde av riksveg 5 og hamna på taket.
– Dei virka uskadde, men var litt «shaky» så helse valde å ta dei med til ein legesjekk, opplyser operasjonsleiar Bengt Næss ved Vest politidistrikt i Florø.
Politiet har førebels ikkje fått klarlagt kvifor bilen køyrde av vegen. Dei to er utanlandske statsborgarar.
– Vi fekk to meldingar samstundes, så det var fleire personar som såg uhellet. Patruljen reiser til Sogndal etterpå for å snakke med dei to, seier Næss.