Hopp til innhold

Hamna i grøfta i Vang – køyrde vidare med forskyvd last og skade på vogntog

– Han skal ha ros for sikringsarbeidet før turen. Det var verre med sikringsarbeidet etter trafikkuhellet.

Torgeir Bang

BÅDE OG: Torgeir Bang og kollegaene ved Håbakken trafikkstasjon stogga fleire vogntog i årets første kontroll. Ein latvisk vogntogførar gjorde både ein god og ein dårleg jobb på ferda til Austlandet.

Foto: Borgar Sagbakken / NRK

Det seier overingeniør Torgeir Bang i Statens vegvesen, om latviaren som tysdag rulla inn på Håbakken kontrollstasjon i Lærdal.

På veg til Vestlandet med to jarnboltar på til saman 7,5 tonn, køyrde mannen i grøfta i Vang. Med skade på vogntoget og forskyvd last, heldt han fram på E16.

– Slike boltar er skrekkeksempel frå lastsikringsverda. Det er lange boltar og når dei først kjem i rørsle, så går dei tvers gjennom alt. Han sikra heldigvis godt før avreise, elles kunne det fort gått veldig gale, seier Bang.

Lasta stakk ut

– Han har oppdrag med å levere, så han tok nok sjansen og valde å køyre vidare utan å få hjelp til å få retta tilstrekkeleg på lasta eller skadane, legg Bang til.

Ved trafikkstasjonen i Lærdal fann kontrollørane at vogntoget var 20–30 centimeter breiare enn utgangspunktet grunna lastforskyvinga. I tillegg var lysa skadde etter utforkøyringa.

På toppen av dette hadde vogntoget ein stor luftlekkasje på bremsesystemet.

– Luftslangen var halvveges avsliten. Vi køyrde bremsetest og sjølv om bremsene var reduserte så ville det ikkje vore problem med normal brems. Ved ein naudbrems går det med meir luft, så der ville han nok fått trøbbel etter kvart, seier Bang.

Åtte fekk bruksforbod

Latviaren var ein av åtte som fekk bruksforbod under årets første kontroll på Håbakken. Kontrollørane valde å ikkje melde yrkessjåføren, men gav han køyreforbod til både feil og manglar var retta. Lasta vart retta på kontrollstasjonen.

Tysdag kveld står han på verkstad i Lærdal for å rette på skadane.

– Vi kunne gitt han bot for å ha vore uheldig, eller seie at vi forstår at du prøvde, og latt det vere med det. Vi valde å ikkje melde han til politiet. Det er ikkje mange lastebilverkstader mellom Vang og Lærdal, seier Bang.

Mangla EBS-systemet

Totalt 63 køyretøy var inne å kontrollplassen under kontrollen. Av desse fekk sju tunge køyretøy skriftlege manglar.

Ein polsk vogntog hadde rustne bremseskiver og utslitne bremseklossar. Vogntoget mangla også EBS-systemet for bremser. Han fekk køyreforbod og påbod om å køyre rett til næraste verkstad.

Det gjorde også ein norsk yrkessjåfør som hadde feil på ABS-bremsene på tilhengaren. Føraren fekk i tillegg 4.250 kroner i gebyr for overlast, og måtte laste om før han fekk køyre vidare.

Til slutt måtte ein polsk vogntogførar kjøpe fleire kjettingar før han fekk halde fram ferda, medan ein norsk lastebil fekk bruksforbod på grunn av manglande underkøyringshinder.