Hopp til innhold

Franskmenn må avslutte norgesturen med «følgjebil»

Då bussen var 400 kilo for tung, valde guiden å sende bagasjen vidare med drosje.

Svein Ove Salt med utstyret dei brukar når dei sjekkar farten på mopedar og motorsyklar

STOGGA: Ein fransk turbuss med 46 passasjerar måtte tømmast for 400 kilo bagasje før den fekk køyre vidare til Loen, Geiranger og Oslo.

Foto: Anna Gytri / NRK

– Eg vil tru det kostar ein del, men det blir ei sak mellom transportøren og reisefølgjet, seier inspektør Svein Ove Salt i Statens vegvesen.

400 kilo for mykje

Det var måndag ettermiddag at den franske bussen med 46 passasjerar vart stogga i ein storbilkontroll på E39 gjennom Førde. Til då hadde ein 400 kilo for tung buss frakta dei frå hovudstaden, via Bergen og Flåm til Førde.

Føraren fekk eit gebyr på 2900 kroner då overlasta vart avdekka.

– Han måtte laste av bagasjen til turistane for å komme ned i lovleg vekt. Bagasjen vart frakta vidare til Loen med drosje. Guiden forstod alvoret i det, at det ikkje gjekk an å køyre med det, og ville frakte ein del av bagasjen vidare med ekstra køyretøy til rundturen var slutt, seier Salt.

– Ikkje uvanleg

I alt var 57 køyretøy innom kontrollplassen i Førde. Bussen var ein av ni som vart plukka ut til nærare undersøking.

Salt seier det ikkje er uvanleg at utanlandske turistbussar rullar rundt på vegane med for mykje last. Mange av bussane er toaksla.

Den franske turistbussen som vart stogga i Førde hadde plass til 58 passasjerar. Den hadde lov til å ha 7100 kilo på framaksel, og 11.500 på bakaksel/drivaksel.

– Det blir for lite med så mange passasjerar og så mykje bagasje som dei ofte har med seg på ei rundreise i Noreg, seier Salt.

– Det hadde ikkje vore problem i det heile om bussen hadde hatt høgare tillat framakselvekt og boggi, legg han til.

Salt trur mengda toaksla utanlandske bussar kan ha samanheng med at dei er rimelegare enn ein treaksla buss.

Fekk hjullås

Polsk vogntog fekk hjullås på

HJULLÅS: Eit polsk vogtog fekk påmontert hjullås under kontrollen. – Det er ikkje ofte vi brukar det, men vi har tilbakehaldelserett når transportørar ikkje kan betale for overlass. For å hindre at dei stikker av, så brukar vi hjullås, seier Svein Ove Salt.

Foto: Statens vegvesen

I same kontrollen fekk to køyretøy bruksforbod for manglande sikring av last og manglande dokument. Ein førar fekk skriftleg åtvaring for brot på køyre- og kviletida.

Eit siste vogntog fekk påmontert hjullås. Polakken rulla inn på vekta med tre tonn for mykje. Føraren hadde ikkje pengar sjølv til å betale overlastgebyret på 11.000 kroner.

– Han tok det eigentleg greitt, men hevda at han ikkje var klar over overlasta. Mest truleg var han klar over det. No ventar han på at sjefen i firmaet skal overføre pengar, seier Salt.

– Overlass påverkar køyreeigenskapane?

– Heilt klart. Det påverkar bremselengd og så vidare. Eit køyretøy er vanlegvis utrusta med bremser til den vekta køyretøyet lovleg kan frakte.