Hopp til innhold

Her fører psykiske plager til nesten halvparten av sjukefråværet

Stadig fleire blir vekke frå jobb på grunn av psykiske problem. I Sogn og Fjordane skuldast nesten halvparten av sjukefråværet psykiske plager.

Mann, fortvilet, skallet

DEPRESJON: Så mykje som halvparten av sjukefråværet i Sogn og Fjordane skuldast at folk slit med psykiske problem.

Foto: ScanStockPhoto

Folk er ikkje berre vekke frå jobb fordi dei har brote beinet, har ilt i ryggen eller har fått ein kraftig lungebetennelse. Mange blir lenge vekke fordi dei slit med den psykiske helsa.

Ferske tal frå NAV viser at legemeldt sjukefråvær knytt til psykiske lidingar har gått opp med 20 prosent frå 2000 til 2011, skriv Aftenposten i dag.

For Sogn og Fjordane sin del viser tala no at så mykje som nærare 50 prosent av sjukefråværet kjem av psykisk sjukdom.

Tore Thorsnes som er direktør i NAV i fylket er uroa. Han fortel at det er flest unge som slit med desse problema.

– Dette er kjempealvorleg. Særleg fordi det er spesielt blant dei yngre arbeidsgruppene som pregar desse statistikkane, seier Thornes til NRK.no.

– Dette er alt for mykje

I dag, 10. oktober, blir verdsdagen for psykisk helse markert over heile verda. Ferske tal viser altså at det er mange som opplever at den psykiske helsa ikkje er så god som den burde.

Ifølgje Helsedirektoratet vil vel halvparten av alle nordmenn oppleve psykisk problem ein eller fleire gonger i løpet av livet. På landsbasis skuldast 20 prosent av sjukefråværet psykiske problem, medan psykisk sjukdom fører til kvar fjerde uføretrygding.

I Sogn og Fjordane er situasjonen den at nær halvparten av sjukmeldingane kjem av psykisk sjukdom. Det mest vanlege er depresjon.

Det kan for eksempel bety at folk kjenner seg triste, nedstemte eller slitne. Dei kan vere leie, mangle krefter, vere trøtte eller oppleve problem med å få sove om natta. Alt dette og meir til er plager som kan føre til at folk blir deprimerte.

– Dette er eit alt for høgt tal. Det kostar samfunnet mykje at så mange er ute av arbeidslivet, og det er klart dette er ei utfordring, seier Thornes i NAV Sogn og Fjordane til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tore Thorsnes

ALVORLEG: Tore Thornes som er avdelingsdirektør i NAV Sogn og Fjordane ser med uro på utviklinga.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Fleire som må ta ansvar

Han meiner det er fleire som må ta ansvar for ein som er psykisk sjuk ikkje fell ut av arbeidslivet.

– Den beste medisinen har vi på arbeidsplassen. Det betyr at vi må ha arbeidsgjevarar som er interesserte i å halde folk i jobb, seier Thornes og legg til:

– Den enkelte som er sjukmeldt må skjønne at det er dette som er den beste medisinen. Og så må ein ha kollegaer som skjønner dette og som støttar opp, seier den lokale NAV-direktøren.

– Mykje fordommar mot psykisk sjukdom

Astrid Gytri er sekretær i Landsforeininga for Pårørande innan Psykisk helse i Sogn og Fjordane. Ho er ikkje overraska over at halvparten av sjukefråværet skuldast psykisk sjukdom.

– Psykisk helse er noko alle har, og den kan bli dårleg på same måte som ein kan bli kroppsleg dårleg, seier ho.

– Men det er lite fokus på dette i vårt samfunn, og eg trur det skuldast fordommane som har vore knytt til psykiske problem tidlegare, og som vi dessverre framleis har med oss, seier Gytri til NRK.no.

Vanskeleg å snakke om

Astrid Gytri

FORDOMMAR: Astrid Gytri er sekretær i

Foto: NRK

For sjølv om så mange som halvparten av dei sjukmeldte i Sogn og Fjordane er det på grunn av depresjon, angst og andre psykiske lidingar, så er det framleis vanskeleg å snakke om problema.

– Når ein er psykisk sjuk betyr det at ein har ein del symptom som ikkje blir sett på som positive, seier Gytri.

– Det kan vere det at ein ikkje viser initiativ til å gjere så mykje, ein kan trekkje seg unna og ein er gjerne ikkje så livleg og munter i selskap med andre.

Ho fortel at dette er eigenskapar som ikkje er så mykje verd i vårt samfunn.

Psykologiprofessor Stig Berge Matthiesen ber folk om å halde eit vakent auge til korleis kollegaene har det. Han trur arbeidslivet har blitt tøffare.

Mange barn slit med psykiske plager

Men det er ikkje berre blant vaksne at depresjon er utbredt. Tal viser at 20 prosent av norske barn har psykiske plager som gir dei utfordringar i kvardagen.

Tore Thorsnes i NAV meiner difor at det førebyggjande arbeidet er alfa omega for å hindre at fleire får diagnosen depresjon.

– Det er faktisk det mest alvorlege, at det er kjende trekk lenge før folk kjem i NAV sine statistikkar, seier han.

Vil ha meir openheit

Thorsnes seier vidare at det er viktig å jobbe målretta for å prøve å få folk på beina att. Han fortel at samarbeidet mellom dei som sit på kompetansen til å hjelpe dei sjukmeldte har blitt betre i Sogn og Fjordane.

– Dette er eit veldig vanskeleg område. Det blir lettare når ein torer å snakke om det.

– Vi må klare å opne opp for at dette er ganske vanleg, og så blir utfordringa vår å handtere dette som ein normalitet, seier han.