Hopp til innhold

Sprikande svar på innbyggjarundersøkinga om kommunesamanslåing

Innbyggjarundersøkinga i Flora og Vågsøy viser at halvparten av dei spurde er for ei samanslåing mellom kommunane. Endå fleire hadde vore for, om Bremanger hadde vore med.

Kristin Maurstad og Ola Teigen

SVARET DEI HAR VENTA PÅ: Ordførar i Vågsøy Kristin Maurstad smilte for kommunesamanslåing med Flora, men innbyggjarane er ikkje like entusiastiske. Flora-ordførar Ola Teigen har på si side innbyggjarane med seg for Kinn kommune.

Foto: Harald Kolseth / NRK

  • Sjå kva dei stemte i dei forskjellige kommunane lengre nede i saka.

Det viser tala resultata på innbyggjarundersøkinga som har gått føre seg denne veka. Eit utval av 1400 personar i Flora og Vågsøy kommune vart spurd om dei er for ei samanslåing mellom kommunane. 50 prosent svara at dei var for, medan 34 prosent sa dei var i mot.

Men det er forskjell frå kommune til kommune. I Flora er to av tre for samanslåing, medan dei er meir lunkne i Vågsøy. Der er over halvparten mot. Totalt har 800 blitt spurd i Flora, medan 600 personar i Vågsøy fekk same spørsmål.

– At så mange er for gleder meg, seier ordførar i Flora, Ola Teigen.

– Eg ser at talet er relativt høgt i mot, men samstundes trur eg fleire hadde sagt nei for nokre månadar sidan. Då var det ein utenkeleg tanke, men folk som var skeptiske har blitt positive undervegs, seier Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad.

340 personar som har svara at dei var mot samanslåing har fått oppfølgingsspørsmålet om dei hadde vore for om Bremanger var ein del av den nye kystkommunen. Av alle dei spurde svarar 129 av 340 at dei hadde endra meining om Bremanger hadde blitt med på samanslåing, medan 55 prosent framleis hadde vore mot.

Slik stemte dei prosentvis i dei to kommunane:

Laster innhold, vennligst vent..

Ringt opp på nytt

Men måten innbyggjarundersøkinga har blitt utført har skapt reaksjonar i kommunane. På onsdag vart fleire av dei som svara nei til samanslåing mellom Vågsøy og Flora ringt opp på nytt.

Kommunestyret i Bremanger har sagt tvert nei til å bli med i storkommunen på kysten, «Kinn kommune».

– Dette kan blir oppfatta som eit forsøk på manipulering av resultatet, sa kommunestyrerepresentant for Raudt i Vågsøy, Geir Oldeide, den gong.

Det fekk Flora-ordførar Ola Teigen til å legge seg flat.

– Vi legg oss flate. Tidsnød gjer at det gjekk for fort i svingane til at vi har god nok vurdering på det. Dette er eitt av spørsmåla vi burde stilt frå byrjinga, sa han då.

Laster innhold, vennligst vent..