Hopp til innhold

Halvparten av kleda ho får inn er for dårlege

FØRDE (NRK): På bruktbutikken Om att i Førde merkar dei at kvaliteten på brukte klede har blitt så dårleg at nær halvparten av kleda ho får inn blir forkasta.

Hanne Schnitler viser fram ein kjole på Om att

GJENBRUK: Hanne Schnitler driv bruktbutikken Om att i Førde.

Foto: Arianrhod Engebø / NRK

– Bortimot halvparten av det eg får inn kan eg ikkje selja vidare, seier Hanne Schnitler.

Ho viser fram ein topp der saumen har losna. Dårlege stoff, rakna saumar og nuppete klede går igjen.

– Det verkar som kleda ikkje er laga for å vara, seier ho.

Schnitler har drive bruktbutikken Om att i Førde i ni år, og meiner kvaliteten på kleda har vorte dårlegare. Kleda som ho ikkje sel vidare går til materialgjenvinning hjå Fretex. Her vert dei sydd om til andre ting.

Hanne Schnitler på bruktbutikken Om att

KVALITET: Hanne Schnitler merker at det er betre kvalitet på dei eldre kleda ho får inn.

Foto: Arianrhod Engebø / NRK

Billige klede

– Me vil jo ha billige klede. Me som forbrukarar er med på å styra det.

Schnitler trur folk i dag har mindre kunnskap om kvalitet og stoff. Ho trur ikkje folk veit korleis dei skal ta vare på kleda dei kjøper.

– Me behandlar alt likt. Me veit ikkje korleis me skal vaska det skånsamt, det gjer at mykje vert øydelagt.

Eksplosjon i produksjonen

Ingun Grimstad Klepp

FORSKAR: Ingun Grimstad Klepp har forska på klede og miljø ved Forbruksforskingsinstituttet SIFO.

Foto: Pressefoto

Ingun Grimstad Klepp ved Forbruksforskningsinstituttet SIFO har forska på klede og miljø.

Ho fortel at produksjonen av klede går stadig raskare og at det vert produsert mykje meir enn me kan bruka. Kvaliteten vert prega av den raske produksjonsmåten.

– I staden for å ta ut velstandsveksten vår i betre klede har me teke den ut i fleire klede. Dette gjer at mange klede går ut av bruk og at kvaliteten på brukte klede vert lågare, seier Klepp.

Ho er einig med Hanne Schnitler i at kvaliteten på klede jamt over var betre før.

Klepp meiner me som forbrukarar kan gjera ein forskjell. Dersom me er meir bevisst på kva me kjøper, kan me ha kleda lengre.

– Uansett om du kjøper brukt eller nytt så er det viktig å kjøpa noko som er av kvalitet, som ein liker og som ein har lyst å bruka lenge, oppmodar Klepp.

Betre før

Dei eldre kleda dei får inn på Om att har merkbart betre kvalitet. Schnitler viser fram ein gul staskjole frå sekstitalet.

– Denne har nok vore med på ein fest eller to. Det er flott stoff, forseggjorde detaljar og det er saumar som held. Denne vil halda seg lenge, seier ho.

Ho meiner det er stor forskjell både på handverket og kvaliteten på stoffet, samanlikna med mange av dei nye kleda ho får inn.

– Alt var jo ikkje betre før, men mykje var nok betre, seier Schnitler.

Les også: Brukte klede vert som nye

Les også: - Det er ikkje kroppen som er feil, men kleda