NRK Meny
Normal

Tre av fire selskap innan alternativ oppdrett er vekke

I løpet av ti år, har tre av fire selskap som driv fiskeoppdrett med andre artar enn laks, forsvunne. Halvparten av jobbane er vekke.

oppdrettsanlegg

TØFFE TAK: Oppdrettsanlegg innan andre artar enn laks har hatt slitsomme tider. Spesielt tungt har det vore for dei som har drive oppdrett av torsk.

Foto: Marita Andersen / NRK

På byrjinga av 2000-talet lét fleire seg inspirere av lakseeventyr til å prøve oppdrett på torsk, kveite og andre fiskeslag.

No er over halvparten av arbeidsplassane vekke.

– Det er veldig trist. Her er det opparbeidd ei utruleg høg kompetanse på det å drive oppdrett på marin fisk. Den kunnskapen står i fare for å forsvinne, seier Jan Brekke ved Sogn Aqua, eit oppdrettsanlegg i Bjordal ved Sognefjorden.

Går raskt nedover

Ferske tal frå Fiskeridirektoratet syner at talet på oppdrettsselskap som driv med såkalla marine artar har gått ned frå over 200 i 2003, til 53 i fjor. Talet sysselsette har blitt meir enn halvert sidan 2008, frå 400 til 191.

Regionsjef Hans Inge Algrøy i bransjeforeininga Vestnorsk havbrukslag fryktar at all erfaringa frå eit tiår med forsking, prøving og feiling skal forsvinne.

– Det som på lang sikt er det verste er at kunnskapen om torskeoppdrett forsvinn. Det er ikkje utvikling, forsking og nyvinning når det ikkje er matfiskproduksjon. Det vil vere synd viss den kunnskapen ein har opparbeidd seg på oppdrett av torsk, skal forsvinne, seier Algrøy.

Han legg til at det ville vore godt for Norge om ein kunne fått ei oppdrettsnæring innanfor torsk og andre marine artar også, slik at ein hadde fleire bein å stå på.

Har vore lite lønnsamt

I Norge dreier fiskeoppdrett seg i all hovudsak om laks og aure. Samleomgrepet "andre marine artar" blir nytta om resten, der brorparten er torsk. Og det er kollapsen innan torskeoppdretten som pregar denne gruppa.

– Eg trur det er mange av dei som har slite med å ha ein stabil produksjon og stabil lønnsemd. Når det ikkje er stabilt lønnsamt å drive, så er det vanskeleg å sjå for seg at ein skal halde oppe aktivitet, seier fiskeridirektør Liv Holmefjord.

Enkelt fortalt: det er vanskeleg å drive butikk når du ikkje tener pengar. Årsaka er konkurransen frå villfisk. Det vil seie torsk som blir fiska i havet, framfor oppdretta. Torskekvoten er i år på 1 million tonn. Dermed er marknaden bokstaveleg tala metta, og det er lite rom for å selje oppdrettsfisk.

– Tilgangen på fisk frå villfisksektor er så stor, og prisane på den er så låge at det ikkje har vore noko hensikt å produsere oppdrettstorsk. Då blir det tap, og det kan ein ikkje drive med i lengda, seier Algrøy.

Trur potensialet er stort

Han legg til at fordelen med oppdrettstorsk er at han er tilgjengeleg heile året i butikken.

– Ein er korkje avhengig av vêret eller noko anna som naturen styrer, seier Algrøy.

Men dei fleste involverte har meir tru på at kveite skal berge denne delen av oppdrettsnæringa.

– Potensialet for kveite kan nok vere stort berre ein klarar å marknadsføre det og gjere det kjent både i Norge og resten av verda, seier Algrøy.

Det er også i tråd med det fiskeridirektøren meiner.

– Mitt inntrykk er at mange av dei har drive godt, og at dei har krevjande produksjon, men dei har også retta seg mot ein godt betalande marknad, slik at dei har lukkast. Der håpar vi det kan vere moglegheiter for fleire å satse litt også, seier Holmefjord.

Har stor tru på kveita

Og nettopp difor vil det bli fleire kveiter som plaskar i temperert fjordvatn ved Sognefjorden, seier Jan Brekke som no går motstraums og investerer 60 millionar kroner i nye anlegg.

– Eg trur at vi må ha tolmod. Kveite veks seint og vi har ein del utfordringar på yngelsida. Men dette kjem. Vi har masse flinke folk involvert, og det er veldig mange som vil at dette skal gå bra. Men vi må bruke litt tid, så kjem det, seier Brekke.

Han er viss på at storsatsinga hans ikkje er eit risikofylt prosjekt.

– Eg trur vi må skilje på artane. Vi satsar på kveite som er ein veldig høgkvalitetsfisk som framleis er høgt prisa. I motsetnad til torsk så ser vi ikkje føre oss at den naturlege bestanden skal ta seg opp att og verte ein naturleg konkurrent for oss, seier Brekke.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå