NRK Meny
Normal

Halvorsen tende Fosshaugane

Anført av ein god Ole Jørgen Halvorsen reiste Sogndal seg etter marerittstart, og senka Haugesund med 3-1.

Ole Jørgen Halvorsen

TO MÅL: Ole Jørgen Halvorsen hadde ein målgjevande og to mål på dei første 45 minutta på Fosshaugane.

Foto: Oddleif Løset / NRK

To av måla til Sogndal var signert sarpingen, medan Mats Solheim fekk gleda av å sende ein pasning frå Halvorsen i nettmaskene.

Sigeren løfta Sogndal forbi Odd til førebels trygg grunn med 11 poeng.

- Vi trengte denne for å verkeleg få trua på det att, seier kantspelaren og vedgår at det gjorde godt med ein trepoengar etter to strake tap for Vålerenga og Brann.

Sette fyr på Fosshaugane

Sogndals førstekeeper Kenneth Udjus måtte melde pass til dagens kamp mot Haugesund. Med urutinerte Joseph Bendik som sisteskanse, fekk Sogndal ein verst tenkjeleg start då Alexander Søderlund dunka inn 0-1 etter berre fire minutt.

Fem minutt seinare lobba Halvorsen inn sitt første, før han sette opp Solheim kvarterert seinare. Sju minutt før pause dundra Halvorsen lærkula via stolperota og i nettmaskene etter godt forarbeid av Vegard Gjermundstad.

- Sistemålet var prikken over i'en. Då følte eg at denne tek vi heim. Og så var det litt ekstra å fyre opp Fosshaugane. Det elskar eg, smiler han.

Mål etter mål på heimebane

Trenar Aabrekk meiner førsteomgangen er det beste Sogndal har prestert i år. I tillegg til målet hadde heimelaget ballen mest, og skapte mest før kvilen.

- Eg er veldig imponert over det spelarane gjer i dag. Spesielt første omgang er veldig bra offensivt. Vi knekkjer koden offensivt, samstundes som vi er solide defensivt. Første omgang er årsbeste. Andre omgang var veldig bra, oppsummerer Aabrekk.

Ole Jørgen Halvorsen og Umaru Bangura

GIGANTAR: Kampens to store gigantar i duell, Sogndals Ole Jørgen Halvorsen og Umaru Bangura.

Foto: Oddleif Løset / NRK

- Vart for puslete

Gjestenes Jostein Grindhaug hadde all grunn til å sjå betenkt ut ved sidebyte. Tidenes yngste sogndallag, med ein snittalder på knappt 22 år, såg ut til å ha full kontroll på Haugesund.

Betenkt Jostein Grindhaug.

BETENKT: Jostein Grindhaug og trenarteamet i Haugesund hadde grunn til å vere betenkt ved pause.

Foto: Oddleif Løset / NRK

- Eg likte ikkje det eg såg utpå der. Vi visste kva som venta oss, men vi klarte likevel ikkje stogge dei. Sogndal virka friskare i beina og vi vart for puslete bak. I andre omgang var vi for lite effektive. Sogndal spelte oss dårlege, seier han skuffa.

Gjestene gjorde grep i kvilen og kampen endra karakter i andre omgang. Då var det gjestene frå Haugesund som hadde ballen mest, og kom seg til dei farlegaste sjansane.

Opp av sumpa

Medan Sogndal klatra etter tre nye poeng, held nedturen fram for Haugesund. Dei toppa formtabellen før kampen, men har så langt i år vist seg som det nest dårlegaste eliteserielaget på bortebane med berre ein siger.

Gløymt etter kampen var den sterke utklassinga av Molde, og 2-0-sigeren over Viking.

- Det har vi vore i to år no, men vi må berre syte for å snu det, seier Thomas Sørum.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå