Halvorsen på benken mot Brann

Toppscorar og Sogndal sitt kanskje sterkaste angrepskort, Ole Jørgen Halvorsen, startar ikkje kveldens cupoppgjer mot Brann.

Ole Jørgen Halvorsen og Joakim Rudolfsen.

PÅ BENKEN: Ole Jørgen Halvorsen startar på benken når Sogndal møter Brann i ettermiddag.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Både Barry Kader og Ole Jørgen Halvorsen startar på benken når Sogndal prøver å revansjere tomålstapet for Brann for to veker sidan . Kantspelarane blir erstatta av Ulrik Flo og Thomas Eriksen Ness. Sistnemnde spelar sin første A-lagskamp frå start for Sogndal.

Cupoppgjeret er det første sidan 1984 i cupen. Då vann Brann 6-3 i Bergen. Det mest kjende cupmøtet er nok likevel cupfinalen i 1976, der bergenserane vann 2-1. Sogndal har aldri lukkast å slå Brann i cupen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sogndal varmar opp til Brann-kampen.

VARMAR OPP: Harald Aabrekk sine utvalde varmar opp til cupkampen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Når kampen startar klokka 18 i kveld, er Sogndal også utan både Henrik Furebotn og Eirik Bakke.

LES OGSÅ: Bakke ute til haustsesongen

Sogndal: Kenneth Udjus, Mats Solheim, Vegard Gjermundstad, Even Hovland, Per Egil Flo, Isak Scheel, Cato Hansen, Ahyee Aye Elvis, Ørjan Hopen, Thomas Ness, Ulrik Flo.

Benken: Joe Bendik, Espen Olsen, Joakim Rudolfsen, Barry Kader, Eirik Skaasheim, Bjørnar Hove, Ole Jørgen Halvorsen:

Brann: Piotr Leciejewski, Birkir Már Sævarsson, Lars Grorud, Zsolt Korcsmár, Hassan El Fakiri, Erik Mjelde, Fredrik Haugen, Chukwuma Akabueze, Diego Guastavino, Bjørnar Holmvik, Kim Ojo.

Benken: Håkon Opdal, Yaw Ihle Amankwah, Carl-Erik Torp, Bjarte Haugsdal, Rodolph Austin, Nicolás Mezuida, Kristoffer Larsen.