Hopp til innhold

Halvmillion for kvar Hydro-tilsett

For kvar Hydro-tilsett i Årdal som tek seg arbeid hjå dørprodusenten Dooria betalar aluminiumprodusenten 500.000 kroner, skriv Bergens Tidende.

Årdalstangen
Foto: NRK

Ifølgje avisa har Hydro gitt Dooria eit lån på totalt 40 millionar kroner. Lånet blir redusert med ein halv million for kvar tilsett som går frå aluminiumverket til dørprodusenten.

Alt denne veka startar Dooria å rekruttere folk til dørfabrikken, og i januar skal dei første tilsette vere på plass.