Det er tale om pensjonspremiefondet som kommunen skulle bruke til å sikre seg mot framtidige utgifter.
Ved nyttår i år var 26,8 millionar kroner blitt til 15 millionar kroner. Gruppeleiar Frode Kupen (Ap) meiner fleirtalet i kommunestyret kastar vekk sparepengane for å unngå tøffe avgjerder om skulestruktur.
– På eitt eller anna tidspunkt må vi byrje å snu skuta, seier han.
Mister handlingsrom
Sidan tusenårsskiftet har kommunen prøvd å spare pengar for å sikre seg mot auken i framtidige pensjonsutgifter. No er kommunekassen så botnskrapa at pensjonspremiefondet er i ferd med å forsvinne til vanleg drift.
Til neste år kan fondet vere tomt.
– Slik det no ser ut for oss, så vil stort sett alt økonomisk handlingsrom forsvinne, seier Kupen.
Evnar ikkje å prioritere
Arbeidarpartiet og Høgre i kommunen gir dei andre partia skulda. Sjølv om Høgre har ordføraren og Ap varaordføraren, har dei ikkje fleirtal i kommunestyret. Det gav dei mellom anna nederlag i saka om å leggje ned grendeskular for å spare pengar på drift.
Varaordførar Kristin Maurstad (Ap) meiner dei andre partia berre har vore oppteken av å sikre skulane.
– Vågsøy kommune har ikkje ei sunn økonomisk drift. Det har vi ikkje hatt på fleire år, og det er ikkje noko politisk vilje til å gjere noko med det. Eg meiner at politikk handlar om å prioritere, og det har ikkje fleirtalet i Vågsøy kommune evna å gjere, seier ho.
Kortsiktig bruk
Maurstad får støtte av ordførar Morten Hagen (H). Også han meiner Sp, Venstre, KrF, Frp, SV og Bryggjalista ikkje evnar å prioritere.
– Det er eit fleirtal som heller vil bruke det som er mogleg å bruke på kort sikt, for å halde oppe eit driftsnivå, seier han.
Men den rutinerte Sp-politikaren Asgeir Solheim vil ikkje godta noko kritikk. Han seier budsjettet skulekameratane vedtok var i balanse – sjølv utan pengar frå fondet.
Stramt budsjett
Solheim beklagar at kommunen ikkje greier å halde seg til budsjettet.
– Hadde administrasjon og ordførar halde seg til vedteke budsjett, så hadde det ikkje vore naudsynt å ta av det pensjonsfondet, seier han.
– Betyr ikkje dette også kanskje at fleirtalet har vedteke eit budsjett som er så stramt at tilsette i kommunen ikkje klarer å halde det?
– Budsjetter nok stramt, men eit budsjett er eit budsjett. Det gjeld like godt for meg som privat som for ei offentleg verksemd.