Øvre Årdal. Arkivfoto NRK
- Då eg kom til Årdal i 1985 hadde vi over 400 straffesaker, i 1988 og 1989 var det ein topp med opp mot 430 saker. I dag har vi mellom 240 og 250 straffesaker. - Nedgangen gir oss tid til å vere meir ute blant folk, seier Klingenberg.
Førebyggande arbeid
Klingenberg meiner det førebyggande arbeidet politiet har gjort overfor ungdom har vore svært viktig. Også for innbyggjarane i Årdal har utviklinga dei femten siste åra vore merkbar.
Politikameratane
- Dei siste åra har vi hatt eit prosjekt som vi kallar Politikameratane, der vi jobbar mot konfirmantkullet, vi tek dei med på turar og underviser dei og fortel korleis vi jobbar. Det gir oss svært god kontakt med dei unge, mange av dei kjem bort og pratar når vi er ute og patruljerer i helgane, seier Knut Arne Klingenberg.
Heile Årdal med
Klingenberg presiserer at heile Årdalssamfunnet har vore med på utviklinga, Årdal kommune har vore ein god samarbeidspartner, seier han.
Koordinering til Årdal
Og no har Sogn og Fjordane Politidistrikt lagt koordineringa av det førebyggjande arbeidet sitt til Årdal lensmannskontor. Det er eit direkte resultat av det arbeidet som er gjort i Årdal og som har vist seg å vere svært vellukka.