Hopp til innhold

Halvert kapasitet på Lavik-Oppedal.

Det har i kveld vore halvannan time ventetid på ferjesambandet Lavik-Oppedal, ifølgje Firda. Oscar Bergheim i Fjord1 opplyser til NRK at det har gått ei ferje fredag kveld, men at det er normalt og etter oppsett ruteplan. Laurdag skulle det gått to ferjer, men det går berre ei, som går "halv" frå Lavik og "heil" frå Oppedal, skriv Fjord1. Bergheim seier dei reknar med å ha to ferjer tilbake i rute på søndag.