Hopp til innhold

Elendig sesong for sommarskisenteret på Stryn

Det har vore ein nedslåande sommar for Stryn sommarskisenter. Det er lenge sidan besøkstala har vore så låge, fortel leiaren for skisenteret.

Stryn sommerskisenter

LÅGE BESØKSTAL: På Stryn sommarskisenter har det vore få besøkjande

Foto: Håvard Skibenes

– Det er jo leit det her. Sesongen byrja med rekordlite snø, og det har gjeve større utslag enn vi hadde trudd, seier dagleg leiar ved Stryn sommarskisenter, Magne Brekke.

Halvert besøk

Samanlikna med i fjor er besøkstala halvert. Mykje dårlege vêrmeldingar kan vere grunnen. 80 % av gjestane som kjem til sommarskisenteret på Stryn reiser langt for å kome, då er meldingane avgjerande for om dei tek turen eller ikkje, fortel Brekke.

– Det her er rett og slett eit slag i ansiktet, seier Brekke skuffa.

Kort sesong

Sesongen i Stryn har vore kort, men likevel lenger enn leiaren hadde håpa på når han såg snømengdene ved oppstart av sesongen.

Og sjølv om vêrmeldingane har vore dårlege, har vêret vore bra. Brekke fortel at dei ikkje har fått ei einaste klage frå gjestane.

– Men det hjelp sjølvsagt lite når det er så få besøkjande, seier Brekke.

Leiaren fortel at dei gjer det dei kan for å sikre drifta dei komande åra. I år kutta skisenteret kostnadar med meir enn ein millionar kroner, men med halverte besøkstal blir det likevel vanskeleg å fortsette, seier han.

– Vi får håpe det blir ein betre sesong neste år. Etter ein dårleg vinter kjem det ein god, seier Brekke håpefullt.

Rekord for Sognefjellet

Medan det har vore ein vanskeleg sesong for skisenteret på Stryn, har Sognefjellet sommarskisenter hatt besøksrekord i sommar.

Ein auke på 600 personar frå i fjor gjer denne sommaren til tidenes beste, fortel dagleg leiar Ove Fortun.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ove Fortun

REKORD: For Sognefjellet sommarskisenter har sesongen i år vore den beste nokon gong.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Meir enn 4000 personar har besøkt løypene, og Fortun fortel at det er mykje takka vere svenskane.

– Det har vore enormt mange svenskar her i år, det er veldig kjekt at dei kjem hit til oss, seier Fortun nøgd.