Hopp til innhold

Her jublar dei for Bø-brørne - men medaljane glapp på herrestafetten

Mange stryningar jubla i eit telt i sentrum av Stryn då Bø-brørne utgjorde halve stafettlaget til Norge. – Dette var utruleg spennande, seier ordførar Sven Flo.

Slik var steminga då Bø-brørne veksla på herrestafetten. Foto: Silje Guddal, NRK

BØ-BRØRNE VEKSLAR: Stor stemning då Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø veksla på stafetten. Foto: Silje Guddal, NRK

Tarjei Bø var først ute og gjorde ein sterk prestasjon på første etappe på herrestafetten i skiskyting under OL i Sotsji. Han veksla først, 10 sekund føre Tyskland. Veslebror Johannes dobla leiinga på den andre etappen, framleis med Tyskland på andreplass.

– Dette var rått

Jubelen stod i taket i teltet i Stryn etter solid innsats av stryningane. Johannes Thingnes Bø var svært nøgd etter etappen sin.

– Det var ein helt rå stafett for min del. Det var spesielt å få eit sånt utgangspunkt av bror min, som gjorde ein veldig bra etappe, sa Johannes til NRK etter at han hadde veksa.

Norge leia også etter Ole Einar Bjørndalen hadde gått sin etappe, men så sprakk Emil Hegle Svendsen totalt og alle medaljane glapp. Norge enda på ein 4. plass. Russland vann stafetten, føre Tyskland og Austerrike.

(Artikkelen held fram under videoen)

Ordførar Sven Flo i Stryn er skuffa etter herrestafetten i skiskyting. Foto: Silje Steinnes Bjerknes, NRK

SKUFFA: Ordførar Sven Flo i Stryn tykkjer det er nedtur at det ikkje blei medalje på i skiskyting. Foto: Guro Kvalnes, NRK

– Idretten er brutal

Stryneordførar Sven Flo seier det var ein spennande stafett og at det var høg stemning heilt til siste etappe.

– Vi såg for oss OL-gull til Norge og brørne Bø. Men så blei det ein nedtur mot slutten. Denne sporten er brutal, seier Flo.

Men han skryt av stryningane som utgjorde halve laget. Dei la eit godt grunnlag for at det kunne bli gull og han gir honnør for det dei leverte i dag.

– Dette var ein opptur for begge Bø-gutane, så det var synd det ikkje blei medalje. Men dei er unge og vi gler oss til dei neste meisterskapa, seier han.

Slik jublar dei for Bø-brørne

VIDEO: Jublar for fantastisk innsats av Bø-brørne. Foto: Silje Steinnes Bjerknes, NRK

Teltet i Stryn

VIL FØLGJE BØ-BRØRNE: Sambygdingane møter opp for å sjå herrestafetten på storskjerm.

Foto: Silje Steinnes Bjerknes / NRK