NRK Meny
Normal

Halv million i bot for forureining

Luster Mekaniske Industri AS i Luster har fått eit førelegg på ein halv million kroner for brot på forureiningslova. I tillegg må dei tole inndraging av i overkant av ein halv million kroner.

LMI - Luster Mekaniske Industri i Gaupne

BOT OG INNDRAGING: Luster Mekaniske Industri i Gaupne må betale til saman over ein million kroner i bot og inndraging for brot på forureiningslova.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Bakgrunnen for saka er eit tilsyn Fylkesmannen i Sogn og Fjordane gjorde ved bedrifta i Gaupne. Etter dette tilsynet vart bedrifta politimeld og politiet starta etterforsking.

Politiadvokat Inger Beth Fosse seier bedrifta over ein periode på 22 år har deponert blåsesand frå sandblåsing på ein måte som har vore til skade for miljøet.

– Dei har brote forureiningslova ved at dei har deponert blåsesand som inneheld tungmetallar på eit industriområde i Luster. Dette er avfall som kan verke skjemmande og er til skade eller ulempe for miljøet, seier Fosse til NRK.no.

Seier saka er svært alvorleg

Politimeldinga frå Fylkesmannen kom i september 2012, og no, halvanna år etterpå, er avgjerda i saka klar.

Politiadvokaten seier det spesielt er det lange tidsrommet deponeringa har skjedd over, som gjer saka svært alvorleg.

Bota på ein halv million kroner avspeglar dette, fortel Fosse.

– Vi meiner det er bevist at dette har skjedd frå 1990 og fram til sommaren 2012. Dette er alvorleg og det er som sagt ein fare for forureining, og det har ført til forureining rundt depotet som var ganske stort, seier ho.

Fylkesmannen sitt tilsyn avdekte at det i depotet var funne tungmetallane bly, krom og sink.

– Når dette blir deponert på ein ikkje forskriftsmessig måte så vil desse tungmetallane sige ned i grunnen og representere ein skade og risiko for at forureining kan skje, seier Fosse.

– Må tole inndraging på ein halv million

I tillegg til førelegget på ein halv million kroner, må Luster Mekaniske Industri AS tole inndraging av 526.000 kroner. Dette er summen politiet meiner bedrifta har spart på å ikkje levere blåsesanden på skikkeleg måte.

– Straffelova sin paragraf 34 seier at straffbare handlingar ikkje skal lønne seg.

– Det finst depot i Norge som kan handtere forureina blåsesand, og vi har avdekt kor mykje det ville ha kosta å levere blåsesanden. Vi har rekna saman kostnadane og har då kome til at det er snakk om i overkant av ein halv million kroner, og denne summen krev vi inndrege, seier Fosse.

Politiet meiner også at bedrifta har brote plikta dei har til å ha internkontroll. Fosse viser til at denne typen bedrifter er plikta til å utarbeide internkontroll for å vurdere risiko, og utarbeide planar og tiltak for å redusere risiko for forureining.

Ifølgje Fosse har bedrifta forklart at dei ikkje har vore klar over at dette var forureina avfall som kravde spesiell handtering.

Vil ikkje kommentere

Verksemda har vedteke førelegget. NRK har vore i kontakt med dagleg leiar Geir Øren i Luster Mekaniske Industri AS, som ikkje vil la seg intervjue om saka. Han viser til at dei vil sende ut ei pressemelding om saka i løpet av dagen.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.