Hopp til innhold

Hallvard er berre sju år, men er allereie «forretningsmann»

Hallvard Egelandsdal Husum (7) visste råd då draumeferien til Legoland gjekk fløyten i år. Han starta sin eigen butikk ....

Hallvard Egelandsdal Husum (7) i Sogndal er truleg landets yngste butikksjef.

SJÅ TV-SAK: Sju år gamle Hallvard Egelandsdal Husum sparar kvar ei krone han tener på butikken sin.(FOTO/REDIGERING: SINDRE SUNDE TVEIT/NRK)

Frå den vesle butikken side om side pappa Fred Ivar Falck Husum sin arbeidsplass, sel sjuåringen teiknar og sjølvdesigna t-skjorter.

Og butikken til Hallvard Egelandsdal Husum (7) går så det susar.

– T-skjortene er veldig kule, og det er mange som likar dei. Han sel godt. Det meste han selde for var 350 kroner på ein dag, fortel pappa Falck Husum.

Vil til Legoland

Fred Ivar Falck Husum

PAPPA: Fred Ivar Falck Husum tykkjer det er kjekt med ein sju år gamal son som driv sin eigen butikk. – Han er kreativt og likar å finne på slikt, seier han.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

Det var Sogn Avis som først skreiv om den kreative sjuåringen i Sogndal. Det heile starta med pappa sine dårlege nyhende om årets sommarferie.

– Eg fortalde at vi ikkje hadde så god råd at vi kunne reise til Legoland. Det har han veldig lyst til. Då fann han ut at han måtte gjere noko sjølv for å tene nok pengar, legg Falck Husum til.

Som sagt så gjort. No sel han altså både teikningar og T-skjorter med fantasidinosaurar.

Får «litt» hjelp

Geir Falck Husum

ONKEL: Geir Falck Husum hjelper Hallvard med trykkinga. – Vi har ikkje heilt talet, men det har gått ein 15–20 skjorter, seier han.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

Medan Hallvard sjølv står for teikningane på t-skjortene, er det onkel Geir Falck Husum som hjelper til med trykkinga.

– Han kom med ei teikning som han ville ha på ei T-skjorte. Eg hadde ikkje tid då, men vi trykte opp ganske mange som han kunne gje vennene sine i bursdagsselskapet. Då det vart det ein del til overs, så tå tenkte vi at han kunne leggje dei ut for sal og tene pengar til ein tur til Legoland, fortel onkel.

Og sjuåringen har sjølvsagt ein plan for pengane han sparar.

– Kjøpe ting inne i Legoland, for pappa skal betale for å komme inn, seier han.

– Ja, vi kan ikkje backe ut no. Det blir Legoland neste år, stadfestar Falck Husum.