Hopp til innhold

Hallén blei fotballpresident

Yngve Hallén vart fotballpresident med 186 stemmer mot Sondre Kåfjord sine 69.

Yngve Hallen på Fotballtinget

Yngve Hallen reste seg og tok imot applausen då det vart klar at han blir ny fotballpresident.

Foto: Arve Uglum

- Det er kjekt å gå inn i ein presidentperiode med så sterk støtte. Det gjeld også den verbale støtta eg har fått undervegs, sa ein lukkeleg Yngve Hallén etter at det blei klart at han blir den nye presidenten i Norges Fotballforbund.

41-åringen frå Alversund som har vore dagleg leiar i Sogndal Fotball dei siste åra, var nominert til presidentvervet av valkomiteen. Det har lenge vore klart at sitjande president Sondre Kåfjord ville bli lansert som eit benkeforslag.

Stemmefordelinga vart likevel knusande for Kåfjord. Han tapte med 69 mot Hallén sine 186 stemmer.

Les og: Hallén gliser etter hetsen

Kåfjord gratulerte

Sondre Kåfjord og Yngve Hallén

Presidentkampen mellom Sondre Kåfjord og Yngve Hallén vart avgjort søndag.

Foto: Fotomontasje:

- No er det berre å gratulere Yngve Hallén. Han har vunne denne kampen med kalassiffer, og når eg har tapt ein kamp går ein bort og takkar for kampen og gratulerer den som har vunne. Det har eg nett gjort, seier avtroppande fotballpresident Sondre Kåfjord som altså tapte den avgjerande avstemminga med 69 mot Hallén sine 186 stemmer.

- Når forsto du at slaget var tapt?

- Eg høyrde det vel eigentleg på applausen etter innlegga i dag tidleg, seier Kåfjord som no bur seg på gå tilbake til den gamle jobben sin i Sparebanken Møre.

Stolt Hallén

Hallen reiste seg i salen med hendene heva over hovudet for å ta i mot applausen frå delegatane på tinget då sigeren var eit faktum.

- Eg er stolt. Dette er den lengste sesongoppkøyringa eg har vore med på nokon gong. Nervene har vore med meg heile tida, og ikkje minst med dei som har jobba for meg.

Avstemminga kom etter eit tingsete som har vart sidan fredag, og der støttespelarane til dei to presidentrivalane har sanka stemmer med alle midlar. Den gjengse oppfatninga på tinget har likevel vore at dette kom til å gå i retning av Hallén. Den oppfatninga fekk også Sondre Kåfjord etter kvart.

Les og: Sa nei til Kåfjord-tilbud

Låg i korta

Sondre Kåfjord under fotballtinget 2010

Sondre Kåfjord under fotballtinget 2010

Foto: Arve Uglum / NRK

- Det låg vel i korta i dag tidleg at Hallén ville vinne, men eg litt skuffa over tala, ut frå det eg hadde grunn til å tru skulle dei vere betre enn dette, seier Kåfjord.

- Har du vorte lova mange stemmer som du ikkje har fått?

- Det har eg sikkert, men slik er det alltid. Eg hadde ikkje noko nøyaktig oversikt over sikre stemmer, seier Kåfjord.

Sondre Kåfjord enda dermed sitt seks år lange presidentskap som ein slagen mann i eit blitzregn. I løpet av tinget har han både fått skryt for jobben han har gjort i fotballforbundet, men også har kritikk for måten EM-søknaden vart handtert på, for den økonomiske utviklinga i klubbane og ikkje minst på grunn av striden med tidlegare generalsekretær Karen Espelund.

Vil snakke med Kåfjord

- Sondre gjer sine val og eg gjer mine. Eg har respekt for at han kjende at han ville gjere det på denne måten. Han har gjort ein kjempejobb for norsk fotball, seier Hallén.

- Kjem du til å diskutere med Kåfjord i framtida?

- Eg har alt bedt om ein prat.