Hopp til innhold

Hallelu-JA til ny kristen-skule i Fjaler

«Då Gud heldt fest i Fjaler», skreiv Jakob Sande. No kan det bli skulefest for inntil 90 kristne born på ein ny privatskule i kommunen.

Magnar Hellesøy

SJEF FOR NY SKULE: De Kristne-politikaren Magnar Hellesøy står bak etableringa av ein ny friskule.

Foto: Kita Eilertsen / Altaposten

Det er lærar og tidlegare toppkandidat for Partiet De Kristne, Magnar Hellesøy, som står bak storsatsinga på ein heilt ny friskule. Fjaler kristne skule er namnet på nyetableringa.

– Det stemmer at vi skal starte ein friskule, men utover det ønskjer eg ikkje å seie noko om prosjektet på noverande tidspunkt, er Hellesøy sin korte kommentar til NRK.

Kan bli 90 elevar

Men i søknaden til Utdanningsdirektoratet legg han ikkje skjul på kva som er planen. Dei har søkt og fått godkjenning for ein kristen skule frå 1. til 10. klasse med inntil 90 elevar i Fjaler.

– Det har i lengre tid vore ynskt og snakka om ein kristen ungdomsskule i området. Det har i tillegg kome ynskje frå foreldre om ein kristen barneskule i området. Det er i dag ingen kristne grunnskular i Sogn og Fjordane, så behovet er stort, står det i søknaden til direktoratet.

Hentar elevar frå naboane

Ifølgje søknaden er planen å rekruttere elevane til barneskulen frå Fjaler kommune, medan ungdomsskuleelevane skal hentast frå fleire nabokommunar.

– Det har ikkje kome nokon motsegner frå kommunen, og Utdanningsdirektoratet legg vekt på friskulelova sitt formål om å kunne velje andre skular enn offentlege, heiter det i godkjenninga den nye skulen har fått.

Startar med to trinn

Skulen har no lyst ut etter rektor og lærar ved skulen, og i utlysinga står at førebels vil det bli starta opp undervisning på 8. og 9. trinn.

– Vi registrerer at skulen har fått godkjenning, og tek dette til vitande. Dette er ei sak mellom direktoratet og skuleeigaren, seier ordførar i Fjaler, Gunhild Berge Stang (V).