Hopp til innhold

Hald på hatten – no skal det blåse kraftig

Det er sendt ut OBS-varsel med meldingar om sterk vind på Vestlandet gjennom helga.

Kråka fyr, Vevang

VINDKAST: Over heile Vestlandet skal det bli kraftige vindkast i utsette strøk.

Foto: Steinar Vikås

– Dette er vind ein vil merke godt, seier meteorolog Anne Solveig Andersen.

Utsette stader kan det bli målt vindkast opp til 30 m/s. Varselet frå Meteorologisk institutt gjeld frå torsdag til og med laurdag.

– Allereie no ser vi at det bles godt frå ein søraustleg retning. Vinden vil komme stykkevis og delt. Det kan vere rolege vindforhold, før eit vindkast plutseleg riv kraftig frå seg, seier Andersen.

Det er spesielt fjord- og fjellstrøk som må bu seg på kraftig vind.

– Skal du på fjelltur, så bør du lese vêrvarselet. Det vil blåse godt både torsdag, fredag og laurdag på fjellet, seier ho.

Laster Twitter-innhold

– No kjem hausten

På utsette stader bør ein bruke torsdagen til å ta inn lause gjenstandar, meiner meteorologen.

– Ein bør nok tenke på kva ein har liggande i hagen, så ta gjerne ein tur ut for å sjå kva ein bør ta inn.

Dei fine haustdagane må no vike for eit meir typisk haustvêr i form av regn og vind. Etter ein kald og våt sommar kom sola for å varme vestlendingane i slutten av september.

– Det er hausten som kjem, så på laurdag og sundag blir det både vått og grått, seier Andersen.

Anne Solveig Andersen

FRÅ FLOTT TIL VÅTT: Etter fine dagar er det kraftige vindkast vi har i vente på Vestlandet, seier meteorolog Anne Solveig Andersen.

Foto: Marit Hommedal