Halbrend møter Davik, og Farnes møter Stryn i semifinalane i Klassequizen

I dag, fredag 21. mars, skal det avgjerast kva skule som skal representere Sogn og Fjordane i spørjetevlinga Klassequizen for 10. klassingar i landsfinalen 10. mai.

Fire lag er klare for finale i Klassequizen i Sogn og Fjordane. Du kan sjå elevane frå Stryn, Davik, Farnes og Halbrend kjempe om sigeen direkte i nett-TV.

SJÅ DIREKTE: Det er klart for semifinalar og finale. Øvst til venstre laget til Stryn ungdomsskule, oppe til høgre Davik oppvekst, nede til venstre Halbrend skule og nede til høgre Farnes skule.

Dei fire skulane som er kvalifiserte for semifinalane er Stryn ungdomsskule, Farnes skule i Øvre Årdal, Halbrend skule i Førde og Davik oppvekst i Bremanger kommune. Dei fekk alle 11 av 12 mogelege poeng i innleiande runde.

Erlend Blaalid Oldeide

SKAL LEIE FINALERUNDEN: Erlend Blaalid Oldeide er quizmaster.

Foto: Johan Moen / NRK

I morgonsendinga i dag trekte quizmaster Erlend Blaalid Oldeide i kompani med progamleiar Silje Guddal kva lag som skal møte kvarandre i semifinalane. Resultatet vart slik:

  • I første semifinale skal Halbrend møte Davik.
  • I andre semifinale skal Farnes møte Stryn.
  • Vinnarane møter kvarandre i finalen
  • Finalevinnaren er fylkesvinnar og får representere Sogn og Fjordane i landsfinalen på TV 10. mai.

Desse er med på dei fire laga:

  • Stryn ungdomsskule: Vegard Aaland, Bjørnar Bøe og Miriam Flo.
  • Davik oppvekst: Håkon Bakke, Anne-Marte Sagebø og Stijn von Oorschot.
  • Farnes skule: Olav Angel Nundal, Scott Stewart Søvik og Endre Vigdal Øren.
  • Halbrend skule: Rita Haveland Borlaug, Frede Håland Grepstad og Magne Gryte.

Direkte på radio, streama i nett-tv

Som i dei innleiande rundane, der 30 skular var med, får laga 12 spørsmål å bryne seg på, delte opp i kategoriar på fire spørsmål kvar. Står laga likt etter 12 spørsmål skal eit utslagsspørsmål skilje dei.

Erlend Blaalid Oldeide seier at han er spent på korleis laga taklar spørsmåla han har klekt ut.

– Eg håpar at dei er passeleg vanskelege, at laga ikkje blir heilt sette ut, men at dei likevel får noko å bryne seg på og at dei må skjerpe seg. For den skulen som kjem til landsfinalen møter svært gode lag.

Han meiner det er heilt uråd å peike ut nokon førehandsfavoritt.

– Dette er jamsterke lag som har kvar sine spesialfelt, så det er heilt ope kva skule som trekkjer det lengste strået.

  • BÅDE SEMIFINALANE OG FINALEN BLIR SENDT DIREKTE PÅ NRK.NO FRÅ KLOKKA 14:03.
  • DU KAN OGSÅ HØYRE DIREKTE I ETTERMIDDAGSSENDINGA PÅ RADIO.

I fjor var det Førde ungdomsskule som vart fylkesvinnar og som fekk den spennande opplevinga å vere med på landsfinalen i Oslo. Skulen var også med i år, men var med sine 10 rette svar eitt poeng frå å kome til semifinalar.

Det var Sverresborg ungdomsskole frå Sør-Trøndelag som i fjor utmerka seg som dei skarpaste quizarane i landet. Kan ein skule frå Sogn og Fjordane gå til topps i år?