Vi treffer Håkon dagen etter den første konserten på årets Bylarm. Kvelden før spelte han i P3-teltet på Youngstorget under det store nordiske bransjetreffet.
Alle triks i popboka
–Det var veldig gøy i går. Det å kunne synge, danse og vise fram musikken, som eg har brukt to år på å lage var utruleg gøy. Den halvtimen på Bylarm var fantastisk rett og slett, seier Håkon Njøten.
Meldaren til VG var også nøgd med opplevinga og gav han både skryt og
.Ein stor bonus
–Dette var jammen ein bonus som vi ikkje hadde rekna med. Men det er utruleg kjekt å få slike tilbakemeldingar sjølvsagt, seier Håkon etter å ha lest meldinga.
Håkon Njøten er ein av to artistar frå Sogn og Fjordane som er plukka ut til å få spele under Bylarm, også Thea Hjelmeland frå Førde hadde fått tildelt eigen konsert.
LES OGSÅ:
Hardt og målretta satsing
Håkon Njøten har faktisk spelt på Bylarm ein gong tidlegare. Den gongen var det med popbandet «The Micropops.» I år var det hans urbane Londonbaserte prosjekt «Hawkon,» som spelte i Norge for aller første gong.
Det nye bandet er ein trio har han utvikla gjennom to hektiske år i London. Han har jobba hardt og målretta med store ambisjonar, eit proffesjonelt apperat rundt seg og var difor veldig spent på mottakinga frå publikum og bransje.
Håpar på suksess
–Bylarm betyr mykje for meg, det er faktisk ein stor ting å få spele her. Det har blitt ein viktig arena for å vise seg fram. Folk kjem også hit frå London for å oppleve nordiske artistar, seier Håkon.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Lever frå hand til munn
Håkon Njøten har klare mål for sitt nye prosjekt, og han veit akkurat kvar han skal vere om nokre år. Då håpar han å vere ein kjent og internasjonal artist med suksess.
–Men det er beinhardt å jobbe seg opp og fram frå London. Vi lever frå hand til munn, og jobbar heile tida, fortel Håkon.
Også konserten i St. Edmunds Kirke i Oslo vart vellukka for Hawkon. Her framførte han musikken sin i ei mykje meir forsiktig utgåve, og gav ei nesten full kyrkje ei nydeleg konsertoppleving.