Hopp til innhold

Hafslo sitt svar på Obama?

AUF med heilhjarta støtte til Tor Bremer.

Ingrid Heggø og Tor Bremer
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Les og: Ingrid Heggø til topps

- Eg har alltid trudd at AUF er den radikale delen av arbeiderørsla. Eg har framleis trua på at det er slik, sa årdølene ved veteranen Kolbjørn Kastet då han tala varmt for fagforeiningsmannen og industriarbeidaren Hilmar Høl, og oppmoda AUF til også å støtte 39-åringen frå Årdal.

Hilmar Høl: - Nominasjon er noko svineri

AUF støtta Bremer

Men AUF med sine sju utsendingar hadde bestemt seg for Tor Bremer i kampen om andreplassen på Sogn og Fjordane si stortingsliste. Bremer hadde støtta dei i mange saker, difor ville dei støtte han - i følgje Kjetil Bergheim var Bremer Sogn og Fjordane Ap sitt svar på Obama.

- AUF er ein sjølvstendig organisasjon. Vi har våre meiningar og legg våre saker til grunn for kva vi skal meine. Vi støttar difor Tor Bremer og trur han kan gjere ein god jobb, nett som Obama, sa han frå talarstolen.