Hopp til innhold

Tjuvar gjekk laus på rådyre led-lykter - politiet etterlyser vitner

Minst to arbeidskøyretøy har i løpet av helga vorte utsett for hærverk og tjuveri i Indre Sogn. Tjuvane har vore på jakt etter dei rådyre led-lyktene på taket på bilane.

Mesta hærverk

REINT HÆRVERK: På bilen til Mesta har ikkje tjuvane klart å få med seg lyslista frå taket.

Foto: NRK-tipsar

Både i Lærdal og i Sogndal har nokon uærlege sjeler gjort iherdige forsøk på å få med seg dei verdfulle lyslistene som har stått fastmontert på taket på bilane.

– Det er korrekt at vi har fått inn i to saker som knyter seg til dette, fortel operasjonsleiar Per Rimmen ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

På Borgund i Lærdal var det ei gravemaskin det gjekk utover. Bilen som stod parkert i Sogndal er eigd av Mesta, og gjerningsmannen eller mennene har ikkje klart anna enn å gjere hærverk på både led-lykta og biltaket.

Politiet har førebels ikkje spor å gå etter i dei to sakene, og oppmodar eventuelle vitner om å ta kontakt på telefon 02800.