NRK Meny
Normal

Fryktar han må stenge leikepark for fleire hundre ungar etter hærverk

I løpet av dei siste dagane har nokon ramponert og øydelagt deler av aktivitetsparken ved Viebøen burettslag. Styreleiaren i burettslaget seier dei må slutte med tilboda om det held fram slik.

Kai Vidar Nygård er skuffa over at nokon har ramponert leikeparken i Viebøen burettslag.

IRRITERT: Fleire hundre ungar hadde gledd seg til å leike i klatreparken, men etter hærverket som er gjort på parken er det uklart kor tid dei får boltre seg klatretaua igjen.

Foto: Kai Vidar Nygård

– I dag såg eg at nokon har kutta klatretaua med kniv. Når ungane ikkje har tau å halde seg i under klatring, så får dei ikkje brukt klatreparken i det heile, seier styreleiaren i Viebøen burettslag, Kai Vidar Nygård, oppgitt.

Ein gong mellom onsdag og fredag har nokon brukt kniv til å kutte fleire av klatretaua som skal sikre ungane og hjelpe dei til å ta seg fram i klatreparken. Kostnadane for taua som er øydelagde reknar styreleiaren til å vere på kring 20 000 kroner.

Gjennom vinteren er det berre dei nyleg avkappa klatretaua som har hengt oppe, og Nygård var klar til å sette opp resten av klatreparken denne helga.

– Ungane gleda seg til å klatre

– Totalt bur det over tusen menneske her og mange hundre av dei er born. Det er klart dei hadde gleda seg til å bruke klatreparken igjen, seier Nygård.

Sjølv om det ikkje er dei største summane som skal til for å sette anlegget i stand igjen, har ikkje burettslaget økonomi til å få det ordna på ståande fot.

Leikeparken Viebøen burettslag

1000 PERSONAR: Leikeparken i burettslaget har tilbod om mange ulike aktivitetar.

Foto: Kai Vidar Nygård

– Det er forferdeleg skuffande at nokon øydelegg for andre som har det kjekt. Vi har mange planar for nye aktivitetar. Vi jobbar med å få til ei frisbeegolfbane i sommar, men eg er skeptisk til å sette ut nye ting når nokon øydelegg, fortel styreleiaren.

Frå før er det tennisbane, basketbane og anlegg for badminton på plass i parken. Tidlegare har dei hatt uvedkomande på ferde som tagga ned gjerder og skilt.

– Vi kan ikkje erstatte ting som folk øydelegg heile tida. Eg er redd for at dei kjem tilbake også, og det kan vi ikkje ha noko av, då må vi berre gje oss, seier styreleiaren.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser