Hopp til innhold

Hadde store mengder etsande væske

Sjåføren hadde 14.500 kilo etsande væske i bilen då han vart stoppa under ein kontroll på E39 i Førde søndag. Køyretøyet var ikkje merka og sjåføren hadde ikkje godkjende papir for denne typen transport. Samstundes var det utgått kontrolldato på brannsløkkarane og bilen mangla anna naudsynt utstyr. Statens vegvesen nekta sjåføren å køyre vidare, samstundes som både han og transportselskapet vert meld til politiet.