Hopp til innhold

Valde vekk hyttetur for familiemiddag - det er dei glade for i dag

Bjørn Pettersen og kona Borghild skulle etter planen ha drege til campingvogna si i Stavang førre helg og vore der utover veka. Heldigvis valde dei familieselskap i staden. Tysdag dundra denne steinblokka ned rett ved campingvogna.

– Vi hadde planlagt å reise førre helg. Vi er pensjonistar, og difor hadde vi tenkt å bli utover veka som var, seier Pettersen, som bur på Nordfjordeid.

Det var firda.no som først skreiv om saka.

Familien har i over seks år hatt campingvogna si ståande på campingplassen i Hellevik i Stavang i Flora kommune. Med møde og strev har dei bygd opp både utebod, platting, spikartelt og plen rundt hytta.

– Det har vorte ein flott plass. Vi har sentralvarme i vogna, og her har vi kosa oss i mange, mange år. Vi har så utruleg mange minne frå staden, seier Pettersen.

Eit vemodig syn

Han vart ringt opp av grunneigar, som meiner steinblokka må ha dundra ned i løpet av tysdag, men ingen var til stades då steinmassane bora seg ned under terrassen framfor vogna og pløydde seg veg.

Pettersen og kona var på staden på fredag for å ta skadane i augesyn. Det var ei trist og vemodig oppleving.

– Det var heilt forferdeleg. Det var aldri i mine tankar at noko slikt kunne skje. Vi har ei bod på baksida av vogna. Steinen har knust døra og flytta heile boden innover i vogna. Det er enorme krefter som har vore i sving, fortel Pettersen.

Terrassen står på mange pålar, og alle desse er flytta eller bøygde, så det må eit omfattande arbeid til for å reparere skadane som steinblokka har gjort.

– Alt må demonterast og lagast heilt på nytt. Men det veit eg ikkje om eg orkar. Eg er 72 år gammal og har ikkje krefter til slikt. Eg trur nok kanskje at vi droppar det og heller gir det opp, seier Pettersen.

Har heldigvis forsikring

Tankane på den enorme steinblokka som trefte vegg i vegg med campingvogna, plagar han både dag og natt. For hadde dei gjort som planlagt, hadde dei vore i campingvogna si då steinen kom.

– Eg veit ikkje om hjarta hadde klart det, nei, ler Pettersen litt vemodig.

Ein middagsinvitasjon frå nokon i familien var grunnen til at dei valde å utsetje turen til hytta si.

– Du skal sjå det var ei meining med det, seier Pettersen.

Til alt hell har han full forsikring med kasko på campingvogna.

– Mange har spurt meg kvifor det, men eg har no tenkt at det kostar så lite. I dag er eg veldig, veldig glad for det. Men aller helst skulle eg ønskt at dette ikkje hadde skjedd, seier Pettersen.

Både han og kona hadde sett fram til å nyte mange, lange sommardagar i Stavang. Slik blir det ikkje no.