NRK Meny
Normal

Tilsette meinte vikarlegen oppførte seg rart fleire timar før han vart teken av vakt

Fleire timar før vikarlegen vart teken av vakt, var legevaktsleiinga i Nordfjord informert om at andre tilsette tykte legen oppførte seg rart på vakt. Dette var legens aller første vakt på legevakta.

Nordfjord sjukehus

FØRSTE VAKT: Vikarlegen var på si første vakt ved legevakta i Nordfjord då andre tilsette reagerte på rar oppførsel.

Foto: Torbjørn Fardal / NRK

NRK fortalde i går at nok ein vikarlege ved legevakta i Nordfjord er sett under gransking av Helsetilsynet, grunna mistanke om rusmisbruk.

Leiinga fekk melding om dei første mistankane på dagtid, men først på kvelden tok dei affære. Vi burde reagert tidlegare, seier kommunalsjef i Eid og prosjektleiar for den interkommunale legevaktordninga, Rune Engeseth.

– Når vi ser på saka i etterpåklokskapens lys, så må vi ta litt sjølvkritikk på at vi kanskje burde klart å gjort dette ein time eller to tidlegare, seier kommunalsjef i Eid og prosjektleiar for den interkommunale legevaktordninga, Rune Engeseth.

Var tilsette gjennom same byrå

I januar i år vart ein vikarlege sett under gransking av fylkeslegen, etter mistanke om at han var rusa på si aller første vakt ved Nordfjord legevakt.

Berre ti månadar tidlegare skal ein dansk vikarlege ha vore påverka av medikament då han kolliderte på Bryggja i Vågsøy med ein møtande bil, på veg heim frå vakt i Eid. Ei 49 år gammal polsk seksbarnsmor omkom i ulykka.

Denne legen står no tiltalt for bildrap. Saka skulle opp i Fjordane tingrett førre veke, men er utsett til hausten då ein av dei sakkunnige har vorte sjuk.

Dermed er dette den andre vikarlegen med tilknyting til legevakta det er opna tilsyn mot. Begge dei to vikarlegane var tilsette gjennom det danske vikarbyrået Transmedica-Nordvik, som opererer i heile Norden.

(Artikkelen held fram under biletet)

Trafikkulukke på riksveg 15 ved Bryggja.

OMKOM: Ei 49 år gammal seksbarnsmor frå Polen omkom i ulykka. Ein dansk vikarlege er tiltalt for bildrap etter hendinga. Saka kjem opp i Fjordane tingrett til hausten.

Foto: Bjarne Eldevik

Tykte legen oppførte seg rart

Andre tilsette melde frå om mistankane mot vikarlegen fleire timar før legen vart teken av vakt.

Engeseth fortel at dei meinte han oppførte seg rart.

– Det gjekk på oppførsel. Men dette var ein ny person for dei som jobba der den dagen, så ein trengde litt tid for å finne ut korleis personen var, seier Engeseth.

Men utover dagen vart uroa større og større. At det var første dagen for vikarlegen, og at ingen kjente vedkommande, gjorde det ekstra vanskeleg å vurdere situasjonen.

Til alt hell fekk det ingen konsekvensar for pasientane, sjølv om vikarlegen var åleine delar av dagen.

– Det var to-tre timar der det ikkje var nokon andre der i det heile. Men det var ingen akutte, alvorlege tilfelle, og det er vi veldig glade for, seier Engeseth.

Går gjennom eigne rutinar

Vikarlegen hadde si første og siste vakt i januar, og saka ligg no hos Helsetilsynet. Engeseth seier dei er førebudd på å svare på spørsmål frå Helsetilsynet, og at dei no går gjennom eigne rutinar.

– Sjølvsagt går vi gjennom våre rutinar. Kva gjorde vi, kva gjorde vi ikkje, og kva burde eller burde vi ikkje gjort, seier Engeseth.

Engeseth presiserer at vedkommande ikkje lenger har noko som helst tilknyting til legevakta.

Detaljane skal finpussast
Huset til filosofen Wittgenstein flyttar.
Vestlandsbønder må hente enorme mengder naudfôr frå Austlandet og Sverige. Dette fordi begge grasavlingane på Vestlandet var langt under normalen i sommar.