Hopp til innhold

Mannen i 60-åra nekta å bli med politiet - gjekk med kniv på seg

Ein rusa mann sette seg opp mot politiet natt til søndag. Då politiet prøvde å få mannen med seg, oppdaga dei at han gjekk med kniv.

Høyanger

– Mannen i 60-åra vart funnen gåande inne i Kvernhaugtunnelen i Høyanger. Han var rusa, og sette seg opp mot politiet då dei prøvde å få han med seg ut av tunnelen, seier operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Trond Hatlenes.

Då politiet gjorde ytterlegare forsøk på å få mannen med seg inn i bilen, merka dei at mannen gjekk med kniv.

– Drog mannen kniv då han vart forsøkt flytta?

– Nei, det gjorde han ikkje, seier Hatlenes.

Men mannen vert politimeld både for å ha sett seg opp mot politiet, samt at han gjekk med kniv.

– Det er ikkje lov å bere kniv på offentleg plass, seier Hatlenes.