NRK Meny
Normal

Hadde ikkje tillit i SIL-styret

Stig Nord og Johann Sigurdsson trekkjer seg som trenarar for 1. divisjonslaget til Sogndal. Nord seier han ikkje hadde tillit i styret.

Stig Nord (t.v.) og Johann Sigurdsson.
Foto: Tor Yttri, Sogn Avis

Dei to skal trene laget fram til 30. november.

Stig Nord har vore hovudtrenar for A-laget til Sogndal i 2006-sesongen, og har 363 kampar som spelar for klubben.

Johann Sigurdsson har to sesongar bak seg som hjelpetrenar for A-laget.

Hadde ikkje tillit

Stig Nord stadfester at han ikkje hadde tillit i styret som hovudtrenar i Sogndal.

- Eg er skuffa og såra, men eg har familie og ungar, og er ved godt mot, seier Nord.

Bestemt i går kveld

Det var i går kveld at det vart bestemt at samarbeidet vart avslutta.

- Eg hadde ikkje tillit i styret lenger, og då er det ikkje råd å fortsette som hovudtrenar i Sogndal. Eg valde sjølv å trekkje meg, men det har vore ein tøff prosess, og eg er letta over at me er kome i mål, seier Nord.

- Styret ikkje misnøgd

Saka blir unekteleg litt mystisk av at styreleiar i Sogndal Fotball, Rolf Navarsete, seier at han ikkje er misnøgd med sesongen.

- Det ligg ikkje noko dramatikk i dette, me er blitt einige om å skilje lag. Me er ikkje spesielt misnøgde med sesongen, og dette er ei avgjerd me er kome fram til i felleskap, seier Navarsete. 

- Du seier du ikkje er misnøgd med sesongen, då kan det virka litt uforståeleg at han ikkje får halde fram som trenar?

-  Eg vil ikkje kome inn på det me snakkar om i styret som går på klubben sitt beste, avsluttar styreleiaren.

Skal halde fram ut november

Stig Nord skal halde fram som trenar ut november. Han veit ikkje kva han vil gjere etterpå, sett vekk ifrå at han tek seg ein ferie.

- Eg har lyst til å halde fram som trenar på toppnivå. Hjartet mitt bankar for Sogndal, og eg håpar at eg ein gong i framtida kan gjere noko for klubben, seier Nord. 

 

 

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.