Hadde ikkje skrantesjuke

Ei villreinsimle som blei felt i Nordfjella sone 1 testa negativt for skrantesjuke, melder hjortevilt.no. Det same området blei tømt for villrein på grunn av den frykta sjukdomen i februar i fjor. – Det er uvisst om simla som vart felt i helga har gått inn i sona etter at uttaket vart avslutta i fjor, seier fellingsleiar i SNO, Petter Braaten.

Statlege jaktlag jaktar villrein i kampen mot skrantesjuke.
Foto: Håvard Heggen / NRK