Hopp til innhold

Hadde ikkje råd til ny spelar

Taijo Teniste (22) vart for dyr for Sogndal.

Trond Fylling

INGEN OVERGANG: Taijo Teniste viste seg å bli ein for dyr spelar for Trond Fylling og Sogndal.

Foto: Rune Fossum / NRK

Overfor Sogn Avis stadfestar sportssjef Trond Fylling at det ikkje blir nokon overgang for estiske Taijo Teniste.

Sogndal ønskte å låne venstrebacken ut sesongen, i tillegg til at det dei kunne tenkje seg opsjon på kjøp.

Ifølgje Fylling la Sogndal inn eit bod som var så høgt klubben kunne gå.

Estlendarane sitt krav viste seg å vere høgare enn det Sogndal ville gje for 22-åringen.