Då Sogndal endeleg tok sin andre siger på Brann stadion, gjorde dei det med stil. Brann vart gjort til statistar på eige gras, og Sogndal vann som dei ville.
– Eg har berre få ord. Det er stort å komme her og vinne 4-0. Fantastiske supportarar og fantastisk lag, seier Kristian Fardal Opseth.
Safkokaradn hadde møtt mannsterke opp på Stadion og fekk betalt med ein forrykande innsats. Etter kampen takka dei spelarane med ljungande jubelrop.
Største har opplevd
Grunna Ulrik
. Trenar Eirik Bakke treng ikkje angre. Fardal Opseth sette inn 1-0, 3-0 og 4-0.Dei to siste måla til Saftkokaradn sine taktfaste rop om både fem, seks og sju mål. Då byrja også heimepublikumet å gå frå «staddaen».
– Eg kan ikkje seie at eg har opplevd noko større. Å komme hit til Brann stadion, score tre mål og vinne 4-0. Vi har ikkje vunne her sidan 2002, så vi har diskutert mykje at det no er på tide å ta skalpen på Brann. Måten vi gjer det på er heilt fantastisk, strålar tremålscoraren.
– Fullstendig audmjuking
– Det er fullstendig audmjuking?
– Ja, eg vil seie det. Brann slepp veldig lite til. Dei har ein periode i første omgang der dei har litt trøkk på oss. Elles føler eg at vi har bra kontroll.
Mahatma Otoo dobla leiinga til 2-0 etter tjue minutt. Då hadde Brann ein moglegheit til å hente seg inn att. Slik som mot Åsane. Men det var Sogndal også i andre omgang.
– I dag fekk vi juling. Sogndal var betre enn oss i alt. Men vi visste det ville bli tøft. Tabellen lyg ikkje. Dei er serieleiar og det beste laget i divisjonen, resignerte ein svært skuffa Brann-trenar Lars Arne Nilsen.
Stolt Bakke
– Eg er stolt over gutane i dag, men visste før kampen at det kunne gå. Vi har sett det gjennom heile veka. Dei har vore gira opp heile vegen til kampen, seier trenar Bakke.
Serieleiaren strekte sigersrekka til sju strake. Det er
.– Det er ikkje alltid berre berre å gjere det her på stadion. Vi skulle spele vårt spel, gå i strupen på dei, stå høgt, springe meir, duellere meir og få ballen opp på spissane og følgje etter. Det fungerte godt i dag, seier Bakke og legg til:
– Og eg trur ikkje 4-0 lyg. Det kunne vore meir.