Hopp til innhold

Hadde ikkje kontroll på pengane

Det konkluderer revisjonsrapporten. NRK følgjer kommunstyremøtet i Vågsø direkte frå klokka 12.

Helge Hjelle
Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Sjå sendinga her: Kommunestyremøte fra Måløy

Helge Hjelle nekta å snakke med den frammøtte pressa, då han kom til kommunestyremøtet om Tall Ships Races.

Det er venta at prosjektleiaren for første gong skal uttale seg om den økonomiske skandalen, der arrangementet gjekk på 15 millionar i underskot.

Men han ville ikkje uttale seg til media før møtet starta.

Det var elles ei svært spent stemning blant dei frammøtte til kommunestyremøtet.

Arrangementet gjekk med enorme 15,8 millionar i underskot, og framfor dagens møte skal det vere sendt inn 200 spørsmål om kva som har skjedd til rådmann og ordførar i Vågsøy.

Stilte spørsmål ved ordføraren

Raudt-politikar Geir Oldeide opna med å stille spørsmål ved om ordførar Roger B. Silden burde leie kommunestyremøtet. Ordføraren avviste kritikken og understreka at han ikkje hadde planar om å tre til side - trass rolla si i samband med Tall Ships Races.

Forvaltningsrevisjonsrapporten vart deretter lagt fram:

Roller, ansvar og myndigheit var ikkje avklart. Og komiteen vart samansett av ressurspersonar for å kunne køyre prosjektet - men det var vanskeleg å gje komiteen ansvaret for økonomien. Kommunelova seier her at det er rådmannen som har ansvaret for å gjennomføre dei politiske vedtaka.

Kommunen brukte eit nettobudsjett. Dei knytte ansvaret for økonomiske resultat og bruk av midlar innanfor ei ramme - men rapporten etterlyser meir detaljoppfølging innunder denne ramma.

Artkkelen held fram under biletet

Kommunestyremøtet i Vågsøy

SPENT STEMNING: Det herska ei spesiell stemning før og under kommunestyremøtet om Tall Ships Races.

Foto: Cosmin Cosma/NRK

Rådmannen får ansvaret

Rapporten meiner organisasjonskomiteen i Tall Ships Races ikkje var konstituert. Trass i at ordførar og rådmann var med i komiteen.

Rapporten konkluderer med at organisasjonskomiteen er eit verkemiddel for å gjennomføre eit arrangement, og at rådmannen har ansvaret for komiteens arbeid overfor kommunestyret. Komiteleiaren har ansvaret overfor rådmannen.

Ein konkluderer med at kommunestyret har vore mykje orientert om framdrift og økonomi - det springande punktet er den kvalitetsmessige orienteringa, og her har revisjonen ikkje grunnlag for å konkludere.

Hadde ikkje budsjettkontroll

Det er opplyst at ein jobba med prognosar på ei publikumstilstrøyming på 40.000 - 50.000 kvar dag. Seinare vart dette nedjustert til 30.000 til 40.000 på hovuddagane.

Revisjonen synest at prognosane er vel optimistiske samanlikna med andre samanliknbare arrangement.

Berre utgiftene har eit avvik på 14,68 millionar. Dei største budsjettavvika har komme på lågare inntekter enn venta og store utgiftsoverskridingar på fleire av arrangementa og logistikken.

Det er mellom anna funne overskridingar på over ni millionar på postar der ein hadde rekna med inntekter.

Rapporten konkluderer med at det ikkje har vore budsjettkontroll.

Revisjonen understrekar at det å vere prosjektleiar for eit slikt arrangement er krevjande, og at oppgåva må følgje tradisjonelle moment - herunder framdrifts- og økonomisk rapportering.

Ordførar Roger B. Silden opna deretter for spørsmål.