NRK Meny
Normal

Hadde ikkje fleire jobbar til Sogn og Fjordane

I dag la kommunalminister Jan Tore Sanner (H) fram ein plan for utflytting av 630 arbeidsplassar ut frå Oslo. Ministeren hadde ikkje fleire gode nyheiter til fylket vårt.

Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner under pressekonferansen om regjeringens plan for lokalisering av statlige arbeidsplasser.

FLYTTESJAU: Jan Tore Sanner (H) presenterte i dag ein plan for utflytting av arbeidsplassar ut ifrå Oslo. Venstre ønska i utgangspunktet 1000 utflytting, medan regjeringspartia har satsa på rundt 600 heile tida.

Foto: Torstein Bøe / NTB scanpix

– Dette vil gjere at fleire unge folk flyttar heim, fordi arbeidsmarknaden i distrikta blir sterkare, sa Sanner under pressekonferansen som tok til klokka to i dag.

Han la fram ein plan der arbeidsplassar tilknytt staten skal flyttast ut av Oslo. Frå før er det kjent at regjeringa ønskjer å flytte 45 arbeidsplassar i fredskorpset til Førde. Utover det hadde ikkje Sanner meir å kome med.

Totalt vil regjeringa flytte 630 jobbar frå Oslo og ut til distrikta.

– Det er meir enn dobbelt så mykje som det den raudgrøne regjeringa gjorde på åtte år i regjering, sa Sanner.

Staten er den desidert største arbeidsgjevaren her i landet, og veldig mange av dei jobbane ligg i Oslo. For fleire parti har det difor lenge vore eit stort poeng å flytte nokre av dei ut i distrikta. Tidlegare har til dømes Luftfartstilsynet blitt flytta frå Oslo til Bodø.

– Blir oppretta mange jobbar i Oslo

Senterpartipolitikar Aleksander Øren Heen tykkjer det er gledeleg at regjeringa flyttar ut arbeidsplassar, men seier at det er viktig å hugse på at staten samstundes oppretter veldig mange nye jobbar i nettopp Oslo.

– I same periode har det blitt oppretta 4000 offentlege jobbar i Oslo, så då er det ikkje veldig imponerande at dei flyttar ut 600 av dei, seier Heen.

Sveinung Rotevatn

NØGD: Sveinung Rotevatn (V) er nøgd med at regjeringa satsar på utflytting av offentlege arbeidsplassar.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Sveinung Rotevatn er ein av dei som har kjempa for å få flytta Fredskorpset til Førde, han seier han vil halde fram med å jobbe for å få meir til Sogn og Fjordane.

– Eg har planar om å jobbe knallhardt for at Sogn og Fjordane skal få sin del av dei utflyttingane som vart presentert av statsråden i dag, seier Rotevatn.

Han forklarer at sjølv om Sanner ikkje trakk fram Sogn og Fjordane i presentasjonen sin, er dei framleis aktuelle til fleire utflyttingar.

I tillegg til Fredskorpset som vi vil ha til Førde, vurderer ein ti nye årsverk til Difi på Leikanger og Sogn og Fjordane vil og vere ein kandidat når 618 årsverk skal vurderast utflytta i kunnskapssektoren.

Jan Tore Sanner nemnde ikkje Sogn og Fjordane med eit ord, men peika mellom anna på agderfylka, Trøndelag og Nord-Norge som heite kandidatar til å få fleire offentlege arbeidsplassar. Han trakk også fram Vestlandet fleire gonger.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.