Hopp til innhold

Fannemel hadde godt av å bli vraka frå verdscupen

Det var ein skuffa Anders Fannemel som måtte bli heime under dei siste verdscuprenna. I går fekk han truleg betalt for nettopp det.

Anders Fannemel

ENDELEG: Det har ikkje skjedd for ofte denne sesongen, men etter to gode VM-hopp i storbakken i Lahti er Anders Fannemel tilbake der han ynskjer å vere. I verdstoppen.

Foto: Anders Engeland / NRK

Det er lenge sidan honndølen har lukkast med to gode hopp i ein og same konkurranse. Det gjorde han derimot i storbakken i Lahti i går.

Til slutt vart Anders Fannemel nest beste nordmann på femteplass.

– Eg fekk heldigvis vist at eg framleis har litt hopping i meg, sjølv om det er lenge sidan sist, smiler honndølen dagen deretter.

– Ein rar idrett

Innsatsen sende han rett inn på laget som laurdag kjempar om edelt metall i stor bakke.

Der skal han hoppe saman med Andreas Stjernen, Johann André Forfang og Daniel-André Tande.

– Det er ein rar idrett, med mange små detaljar som må vere på plass for å lukkast. Ein må ha dagen, og endeleg lukkast det litt for meg. Det var nok grepa vi gjorde etter Willingen som kanskje måtte til, seier Fannemel.

Jobba beinhardt

Stöckl

HAR TRUA: Alexander Stöckl har trua på edelt metall i VM-bakken i Lahti. – Vi var seks poeng bak Polen som var beste nasjon, og det lovar godt før konkurransen i morgon, seier han.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Det har gått vel ein månad sidan ein skuffa Fannemel vart sendt heim frå nemnde Willingen. Det etter ein verdscupsesong der lite har klaffa for hopparen med verdas lengste svev.

Ein 12.-plass er så langt honndølen si beste plassering i verdscupen. Landslagstrenar Alexander Stöckle er nøgd med utviklinga.

– I staden for å reise på World Cup-renna var han heime og jobba beinhardt med teknikk og utstyr. Han fann ut noko der, og er blitt meir og meir stabil, seier Stöckl.

Blant favorittane

– Han fann ut av storbakken her i Lahti ganske fort og gjorde nokre fantastiske hopp i går, held austerrikaren fram.

Stemninga er snudd heilt på hovudet for dei norske hopparane. Før VM meinte ekspertane at Norge måtte ha flaks for å komme på pallen. Etter ein 4. og 5.-plass, samt tre nordmenn blant dei 12 beste i storbakken torsdag, er Norge derimot blant favorittane.

– Det er litt rart å snakke om å vere favoritt, for vi har ikkje lukkast i verdscupen der vi har måtte ha flaks for å komme på pallen, seier han.

Fire om medaljane

Polen hadde fire hopparar blant dei fire beste i storbakken. Det er dermed naturleg å tenkje seg dei som dei største gullfavorittane i lagkonkurransen.

– Vi må slå Polen for å ta gull, men så blir det spennande å sjå kva tyskarane og austerrikarane vil finne på, seier Fannemel.

– Er det rart å snakke om gull?

– Nei, vi tok gull i Kulm og sist i Falun, så eg håpar vi er med og kjempar i toppen.

Laster innhold, vennligst vent..