Hopp til innhold

Hadde gløymt førarkortet

Politiet heldt laurdag føremiddag promillekontroll på E39 i Førde. 41 bilførarar vart kontrollerte, men politiet fann ingenting å setje fingeren på. Ein bilist fekk gebyr for å ikkje ha hatt med seg sertifikatet.