Hopp til innhold

Hadde ferjetrøbbel på Anda–Lote

Fjord1 hadde ein periode onsdag ettermiddag tekniske problem med ferja MF «Årdal» på sambandet Anda-Lote.

Ferjetrøbbel på Anda - Lote

INNSTILT: Ferja MF «Årdal» har tekniske problem. Biletet er frå 4. desember då ferja var ute av drift i timevis.

Foto: Marianne Rotihaug

Like før klokka 16 opplyste driftsvakt Karsten Holm at det var uvisst når ferja kom i drift igjen. Dei dreiv då med feilsøking om bord i ferja.

Vel 40 minutt seinare opplyser Fjord1 at ferjesambandet går som normalt igjen.

– Sambandet er no opna att, og det er vi godt nøgde med, seier Holm til NRK.no.

– Kva veit de om årsaka?

– Det var eit elektrisk kort som hadde losna. Vi fann raskt feilen og fekk ordna opp.

Holm kan ikkje seie noko om kor lange køar som har danna seg på kaiene på kvar side av fjorden, men reknar med at det er ein del bilar som har måtte vente.

Ferjeselskapet hadde varsla omrokering av andre ferjer i området, for å få sambandet opp å gå igjen, men dette vart avlyst då MF «Årdal» vart friskmeld.

– Vi er glade for at vi får avvikla trafikken igjen som normalt, seier Holm.