NRK Meny
Normal

Dette såg ganske dramatisk ut, men det var det ikkje...

Mange frykta at studentheimen i Sogndal stod i fyr og flammar i ettermiddag. Men det var tvert om berre ei godt planlagd brannøving.

Brannøving på studentheimen
Foto: NRK-tipsar

– Jau, folk i nærleiken kan vel sikkert ha trudd at det brann. Det var ei høgst realistisk øving, men dramatisk var det likevel ikkje, seier vakthavande ved 110-sentralen i Sogn og Fjordane, Frode Korneliussen.

Alarmen gjekk klokka 17.30. Då vart det slege umeld alarm i bygget.

– Det vart brukt røykmaskin i ei av leilegheitene, og vi øvde både evakuering og røykdykking, seier Korneliussen.

Viktig å øve

Om lag 35 bebuarar måtte evakuere, i tillegg til markørar, som om det var ein ekte brann. Eit vaktlag frå Sogn brann og redning, samt politi og ambulansepersonell var med på øvinga.

– Det er svært viktig å få øvd på slike hendingar. Her gjekk alt etter planen på alle vis, seier Korneliussen, og rosar dei som var med.

Vegopning på Bergum i Førde kommune