– Det er stort at eg har fått sjansen til å spele for ein som var ein så fantastisk spelar, seier Robin Shroot.
27-åringen er nett ferdig med nok ei trening i Sognahallen. Etter overgangen frå Hødd i vinter har det blitt ein del av dei. No er han klar for å hjelpe sin nye klubb, med Eirik Bakke som hovudtrenar, opp att i eliteserien snarast råd.
– Vi går sjølvsagt for opprykk, seier Shroot.
- Les også:
Hugsar førebiletet spele semifinale i meisterligaen
Spissen vaks opp i London, der han følgde den engelsk Premier League med stor interesse. Då var det ikkje til å unngå å leggje merke til suksessen til Leeds med Eirik Bakke på midtbana.
Leeds var på slutten av 1990-talet og starten av 2000-talet eit topplag både i engelsk og europeisk samanheng. Bakke spelte mellom anna semifinale i Champions League i 2001.
– Eg var vel mellom 11 og 15 år, og fekk sjå eitt av dei beste Leeds-laga nokon gong. Eg var imponert over Eirik, mimrar Shroot.
– No har eg sjansen til å lære av han, og det er stort for meg. Han har spelt på høgt nivå, og veit kva som krevst, seier han.
- Les også:
Møtte Bakke til samtalar i London
Shroot har bakgrunn som spelar i England, der han mellom anna var i stallen til Birmingham, men vart lånt ut til Walsall, Burton Albion og Cheltenham. Etter tre sesongar med ni scoringar på 61 kampar for Stevenage, enda han opp i Hødd.
Der scora han 16 mål på 23 kampar sist sesong.
Men trass i at han var utan vidare kontrakt, var det lite interesse rundt spissen. Sandefjord var ute med følarar, og han trente med Viking nokre dagar – utan at det vart noko meir.
Så kom Eirik Bakke til London for å møte han.
– Eg let meg imponere av interessa og opplegget han presenterte, fortel Shroot.
- Les også:
– Er ein målscorar som kan avgjere kampar
Den engelske angriparen har allereie markert seg som ein svolten spiss. Han er kjapp og hissig på grauten, og kan fort bli ein type Sogndal har sakna siste åra.
– Slik han har vore på trening i det siste, er han i ein klasse for seg. Eg håpar vi får sjå det også når serien startar, seier Eirik Bakke.
– Robin er ein målscorar som kan avgjere kampar for oss, og slikt kan vere skilnaden på opprykk og ikkje for oss. Han har ei veldig leiande rolle i laget vårt, seier han.
Lagkamerat Hannu Patronen er samd med trenaren.
– Han er ein utruleg spelar, og eg har spelt med dei beste. Han er faktisk litt same typen som Henrik Larsson, då eg spelte med han i Helsingborg, seier den finske midtstopparen.
- Les også:
Sjølv vil ikkje Shroot ut med sine eigne personlege ambisjonar.
– Eg vil vere med og hjelpe Sogndal til opprykk. Men noko mål om tal scoringar får du ikkje av meg, ler Shroot.