Hopp til innhold

Reinjeger hadde augekontakt med jerven - var berre 50 meter unna

Ein reinjeger som jakta i fjella mellom Lærdal og Årdal fekk søndag auga på jerven i ei steinur. Men rovdyret gøymde seg før skot vart losna.

Jervedrepe lam

STORE LAM: Ole Bjarne Hovland fortel at fleire av kadavera han fann i helga var store, flotte vêrlam.

Foto: privat

– Vi fann om lag ti nye kadaver også i helga. Synsobservasjonen av jerven vart gjort i fjellområde i nærleiken av der vi fann kadavera, seier leiar i Naddvik beitelag, Ole Bjarne Hovland.

Jerven er, i tillegg til å vere ein rå jeger, kjend for å vere ekstremt sky og vanskeleg både å få auge på og å jakte på. Dyret som jegeren trefte på i Årdal/Lærdalsfjella var ikkje noko unnatak.

– Han var berre 50 meter unna jerven. Det var tjukk skodde, og jeger og jerv hadde så vidt augekontakt før jerven smatt inn i ura, seier Hovland.

Kan ikkje minnast verre sommar

Reinjegeren sette seg ned for å vente på at jerven skulle stikke nasen fram att, men det var forgjeves. Jerven heldt seg skjult så lenge jegeren var der.

Observasjonen vart gjort på 1100 meters høgde.

– Det var ganske langt nedanfor toppen på Kråkebergnosi, seier Hovland.

Dei ti kadavera som vart funne i helga, låg i randsona av Kråkebergfjellet.

Sauebøndene i Naddvik beitelag kan knapt minnast ein verre beitesommar. 900 sauer og lam vart sleppte på beite i juni.

Bøndene torer ikkje tenkje på kor mange dei får heim att når hovudsankinga vert arrangert neste helg, ei helg tidlegare enn planlagt.

Oppe i 92 kadaver til no

Jerven starta herjingane sine i området allereie første veka i juli. Sidan har både bøndene, turgåarar og jegerar komme over daude sauer og lam i fjellområdet mellom Lærdal og Årdal.

Med dei ti nye kadavera som vart funne i helga, er ein oppe i 92 kadaver til no. Men kva fasiten vert til slutt, orkar ikkje Hovland tenkje på.

– Vi tenkjer jo, men vi kan ikkje seie noko før vi har fått talt opp og sett omfanget av dette. No nærmar vi oss 80 registrerte. Tapa vert store, det er heilt klart, seier Hovland.

Han og Per Bjørkum er dei sauebøndene som har flest sauer i Naddvik beitelag. Bjørkum har tidlegare tippa at tapet hans vert opp mot 100 dyr, berre for flokken hans åleine.

– Det er veldig trassig. Vi har vege for og imot for å ta ned att sauene før. Slik situasjonen er hjå oss, er det vanskeleg å gjere det. Vi føler at det er eit val mellom pest eller kolera, seier Hovland.

(Arto

Drepen sau

GØYMER KADAVERA: Jerven gøymer gjerne kadaver både i steinurar eller i elvar og myrer.

Foto: Ole Bjarne Hovland

Blir verre enn verstingåret 2006

Sauene syner tydeleg at dei ikkje trivst veldig i fjellet, og fleire av dei har funne vegen ned att i låglandet med eiga hjelp.

– Det kom ned 30 rett før helga på mi side, og eg veit Bjørkum har fått ned på si side. Det er nok på tide å ta dei ned, ja, seier Hovland.

At dei ligg an til å slå verstingåret 2006 då tapet var tre gonger så høgt som talet på registrerte kadaver, trur han er sannsynleg.

Det året hadde Naddvik beitelag eit samla tap på 152 lam.

Må rekne med fleire kadaver

Rovviltkontakt i Statens naturoppsyn, Rein Arne Golf, stadfestar at dei har fått melding om ti nye kadaver i området Lærdal/Årdal.

– I løpet av helga har vi fått inn minst ti nye saker, så totalt har vi registrert over 90 saker i området, seier Golf.

Rein Arne Golf

KAN BLI FLEIRE: Rovviltkontakt i Statens naturoppsyn, Rein Arne Golf, ser ikkje vekk frå at det vil bli funne fleire kadaver fram til hovudsankinga kommande helg.

Foto: Dag Harald Kvammen Anderssen / NRK

Han legg til at dei ti kadavera som er innmelde i helga, syner tydelege bittskadar frå jerv.

– I tillegg har vi fått melding om ein jeger som såg jerven i området, seier Golf.

Han er det som svært sannsynleg at det vert funne fleire kadaver i området.

– Det må ein nok rekne med så lenge det er sauer i området. Dei vil vere utsette for jerv, seier Golf.

Ikkje meldt om kadaverfunn andre stadar

Han ser likevel ikkje vekk frå at reinjegerar i området kan få rovdyret på skothald.

– Den moglegheita er der. Det er fleire i fjellet og ein god del av reinjegerane er registrerte slik at dei kan felle jerven, seier Golf.

Han har førebels ikkje fått meldingar om kadaverfunn andre stadar i indre Sogn.

– Nei, vi har ikkje fått melding om noko rovdyrrelatert frå andre stadar. Det er Lærdal/Årdal som har hatt største trykket til no, seier Golf.