Hopp til innhold

Habilitetsfarse i fylkestinget

Fylkestinget i Sogn og Fjordane vart kasta ut i kaos i debatt om habilitet og eigarskap. No skal Fylkesmannen granske handsaminga.

Fleire fylkespolitikarar står oppgitt på sidelinja

PÅ SIDELINJA: F.v. Arve Helle (Ap), Per Kjøllesdal (Sp), Anders Ryssdal (Sp), Nils Gjerland (Sp), fylkesvaraordførar Jenny Følling (Sp), Noralv Distad (H), Ole Gunnar Krakhellen (H), Nils P. Støyva (Ap), fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap), Kjell Magne Åshamar (Sp) og Hilmar Høl (Ap) var nokre av dei 13 ugilde i fylkestinget.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Det skulle vere ei enkel sak om eigarskapsmeldinga til Sogn og Fjordane fylkeskommune. Det vart ein to timar lang debatt om korleis saka handsamast, med innslag av kaos, munnhoggeri og 13 representantar plassert på sidelinja.

No er handsaminga sendt til lovlegkontroll hjå Fylkesmannen.

– Denne saka er ein farse, sa Jorunn Eide Kirketeig undervegs i handsaminga.

Jacob Nødseth ved sidan av ein smilande Frank Willy Djuvik

KRANGLEFANTAR?: Jacob Nødseth (Uavh.) og Frank Willy Djuvik (Frp) sat side om side på fylkestinget, og veksla mellom å ta ordet i debatten.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Det starta med at representantane Frank Willy Djuvik (Frp) og Jacob Nødseth (uavhengig) trekte i tvil fylkesordføraren sin føreslåtte måte å handsame saka på.

Stolleik på podiet

Før fylkespolitikarane heilt rakk å summe seg var fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) kjent inhabil, på grunn av sitt styreverv i Botnaneset Industriselskap AS. Fylkesvaraordførar Jenny Følling (Sp) tok over podiet for å leie møtet vidare.

Då påpeikte Nødseth raskt at ho var styreleiar Innovasjon Norge i Sogn og Fjordane, og måtte også fråtre. Ho skulle til å føreslå Hilmar Høl (Ap) som den neste naturlege kandidaten til å leie møtet. Han er fylkesleiar i Arbeidarpartiet og leiar i hovudutval for plan og næring.

Men før han vart føreslått, påpeikte Nødseth at også han sit i styret til Innovasjon Norge. Med flakkande blikk peikte Følling på Arnstein Menes (Sp) som ny settefylkesordførar. Han leiar hovudutval for samferdsel.

Ein alvorstynga Arnstein Menes som settefylkesordførar

ALVORSTYNGD: Arnstein Menes (Sp) enda til slutt opp som settefylkesordførar for saka i fylkestinget. Til venstre sit sekretariatsleiar og jurist for fylkeskommunen, Knut Henning Grepstad.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Menes såg tynga ut av ansvaret for å prøve å lose saka i hamn. Den neste halvanna timen gjekk i stor grad med til diskusjon mellom representantane Djuvik og Nødseth, og sekretariatsleiar og jurist Knut Henning Grepstad om korleis saka skulle løysast.

Latter, resignasjon og kryssa armar

På bakarste rad fylte det seg opp med inhabile politikarar. Totalt måtte 13 av 39 tre frå i saka. Nokre lo. Nokre resignerte med armane i kross. Andre fnyste oppgitt.

Etter to timar med kaos og frustrasjon, kom fylkestinget fram til at dei skulle handsame saka som opphavleg skissert. Fylkesordføraren summerte opp det heile etterpå.

– Eg synest ikkje dette er fylkestinget verdig. Eg likar det ikkje. Men for eigen del synest eg det er veldig bra at vi faktisk kom tilbake til det som var det opphavlege framlegget til korleis vi skulle handsame saka.

– Bør gå i seg sjølve

– Men nokon og kvar bør gå i seg sjølv, og ikkje vere så innmari ivrige etter å framheve ulike paragrafar. For vi har faktisk ein bra rutine på korleis vi handsamar ting, seier ho og hintar tilsynelatande til Nødseth og Djuvik.

– Kunne du gjort meir i førebuinga av saka for å unngå at det vart slik det vart?

– I og med at vi kom tilbake til utgangspunktet, så hadde eg vel eigentleg førebudd meg slik som det var naturleg at ein skulle gjere. Men når det vart ein kjempediskusjon, og eg vart erklært inhabil, så var det vanskeleg å styre vidare.

– Har sete her sidan eg var fødd

Jacob Nødseth, derimot, meiner det fylkespolitikarane sjølve som er skuld i kaoset.

– Dette er personar som sit i fleire av dei best gasjerte politiske posisjonane i Sogn og Fjordane. Dei har vore med lenge. Mange av dei her inne har vore med i fleire titals år i politikken, og har sete i fylkestinget sidan før eg vart fødd. Og så kjem det som ei overrasking på dei at må gå frå som inhabile. Det fortel at vi må gjere noko med kompetansenivået til politikarane.

– Frydar det deg å kunne setje fylkestinget i denne posisjonen?

– Som jurist med spesialfag i kommunalrett, og som innbyggjar, synest eg det er trist å sjå at nivået er så lågt. Det er ingenting kjekt med dette. Men det er sjølvsagt interessant å få stadfesta at mange av dei som er veldig høge i hatten elles, slett ikkje har grunn til det. Det er kjekt på eit mellommenneskeleg nivå. Men det vi er vitne til her inne er berre pinleg.

Dom frå Fylkesmannen

Saman med Frank Willy Djuvik har han levert lovlegkontroll på saka, som betyr at Fylkesmannen skal sjå nærmare på handsaminga. Det fryktar ikkje fylkesordføraren.

– Det synest eg er heilt flott. For då kan vi kanskje få ein slutt på desse ørkenvandringane om korleis vi skal handsame denne typen saker.

– Kor tid vil de få svar på det?

– Det veit eg ikkje.

– Fryktar du å få svar om at vedtaka dykkar har vore ugyldige?

– Nei. Det gjer eg ikkje. Kommunar og fylkeskommunar handsamar eigarskapsspørsmål på nettopp denne måten. Viss det viser seg at det er feil. Skal vi sjølvsagt endre på rutinane.

Fylkespolitikarar står i sirkel i intens diskusjon

RÅDSLAG: I ein pause samla fleire av fylkespolitikarane seg for å finne ein veg ut av uføret. F.v. Arve Mjømen (H), Klaus Iversen (V), Per Rune Vereide (Sp), Trude Brosvik (KrF), Henrik Oppen (Ap), Jorunn Eide Kirketeig (Ap), fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) og Nils P. Støyva (Ap).

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK