Anders Haave. Arkiv NRK.
Haave må sone 21 dagar i fengsel, og må ut med 45.000 kroner i bot. I tillegg mistar han førarkortet i eitt og eit halvt år.
Vurderer å anke
- Eg tykkjer det er alt for strengt i forhold til andre lovbrot som narkotika- og valdsbrotsverk, seier Flora-politikaren, som vurderer å anke domen.
Det var ein laurdag i april i fjor at den profilerte lokalpolitikaren og forretningsmannen frå Stavang i Flora skal ha sett seg på firehjulingen etter ein fest hjå naboen. Den korte heimturen saman med kona enda med sjukehusinnlegging for Haave, som skadde seg kraftig då han fekk dei 350 kiloa over seg i samband med parkering.
1,65 i promille
Promillen på 1,65 kan han ikkje forklare, og heller ikkje kona vil stadfeste at han drakk før køyreturen.
Fjordane tingrett har gitt Haave ei fengselsstraff på 21 dagar for fyllekøyringa. Haave må òg ut med 45.000 kroner i bot, og mistar førarkortet i eitt og eit halvt år. Førarprøva må han ta på nytt.
Hugsar ingenting
Haave har heile tida sagt han er uskuldig og ikkje hugsar noko av ulukkeskvelden fordi han vart hardt skadd. At han som folkevald ikkje blir trudd av retten, skjemst han ikkje over.
- Viss det blir ført prov for at eg har gjort noko gale, skal eg ta straffa mi. Eg skal ikkje ha noka særbehandling, seier Hove.